Årets andre KRIK cup viste seg som ein av dei beste så langt, med svært høgt nivå på laga, mykje folk, stor stemning og ein flott andakt.
Andakten var ved Peter Ijeh, som vitja oss for andre gong. Han ville fortelja oss at Gud kjenner oss alle, han ser kva me gjer og kva som skjer. Han la vekt på at me ikkje må tyngast av det som har skjedd i fortida, og viste til Moses som fyrst måtte flykta frå Egypt fordi han hadde drepe ein egyptar. Sjølv om Moses hadde synda stygt, kunne Gud nytta han og Moses la då det gamle bak seg og såg framover. Han stolte på Gud og vaks som menneske. På same måten må ikkje me la Djevelen få oss til å tyngjast av det som har skjedd tidlegare, men gle oss i Gud og skina som kristne. Ein flott andakt for dei rundt 200 tilhøyrande. I tillegg til å dela Guds ord med oss, delte òg Peter eit par Ijeh-fotballsko med oss, som skulle gå til cupens toppscorar. Me takkar for at Viking-spissen tok turen til oss att, og dersom du treng eit bønneemne må du gjerne be om at han held seg skadefri 🙂

Jenteklassen var delt opp i to grupper med tre lag i kvar. Dei beste laga i kvar klasse kom direkte til semifinalane, medan dei andre laga måtte spela kvalifiseringskampar for å koma dit. Gruppe 1 vart vunnen av Blomsterpikene, som slo Young Ladies på straffekonkurranse. I gruppe 2 var Dei Namnelause suverene, medan Bffe òg kom seg til semifinalane. Gruppevinnarane vann semifinalane sine og møttest i finalen. Den innsatsrike kampen enda 0-0, og i straffekonkurransen trekte Bjerkreims-jentene i Dei Namnelause det lengste strået og kunne innkassera deira fyrste KRIK Cup siger.

Den opne klassen var delt inn i 4 grupper med 4 lag i kvar gruppe. Dei to beste laga i kvar gruppe kom til sluttspelet. At nivået er høgt, kjem tydeleg fram når lag som FK Sandnes (anført av stortalentet Clint Arne Lopez Ocañada) rauk ut allereie i gruppespelet. I kvartfinalane møtte dei lokale heltane i Foreininga For den Blå Songboka (FFBS) sine overmenn i The Red Angels frå Vigrestad. Intolerante Mørkemenn, med ein solid sisteskanse i Anders Primstad, slo FK Mustafunte 4-1 og vart eit av to Bjerkreimslag i semifinalane. Her hadde dei fylgje av ”Ta an du, æg he sting”, som imponerte stort då dei sende River (med mellom andre Berisha-brørne) heim med 0-2 tap. Den fintspelande gjengen i Husabøbingen Ballklubb stod imot presset frå Stian Sleveland sitt storlag WEZC og vart siste laget i semifinalane.
Vigrestad-gjengen The Red Angels har tidlegare vore med to gonger. Fyrste gonga kom dei til kvartfinalen, andre gonga til semifinalen og denne gonga var det knytt høge forhåpningar til dei. Talenta frå Vigrestad, med Ronny S. Egelandsdal i spissen, slo Intolerante Mørkemenn 3-1 og kvalifiserte seg dermed for sin fyrste finale. Der møtte dei sist cup sin tapande finalist, Ta an du, æg he sting. Trass i at klokka var nærmare halv to og laga hadde spelt fem kampar tidlegare, var finalen prega av ein enorm innsats. Jærlaget viste godt samspel og strålande enkeltprestasjonar, medan bjerkreimbuane spelte med hjarta utpå draktene og fekk mange fans. Dei raude englane viste seg til slutt å vera best, og vann 2-1. Etter finalen stod begge laga att med toppscorar med 5 mål. Desse skulle då ta straffekonkurranse om skoa Peter Ijeh hadde med seg. Då Kjell Arve Refsland ikkje klarte å scora på straffen, takka Ronny S. Egelandsdal for sjansen, scora på straffen sin og kunne ta Ijeh-skoa med seg heim.

Etter to cupar er det no interessant å fylgja Maratontabellen. Blomsterpikene er best av jentelaga, medan The Red Angels og Ta an du, æg he sting (bileta under) tronar likt på toppen i den opne klassen.


Vel, 2009-sesongen er no godt i gong! Neste cup er fredag 1. mai kl. 17. Me vonar du tek turen då òg 🙂





