Siste KRIK Fotballcup før sommaren vart halden fredag 7. mai. Av dei 9 laga i herreklassen var det Intolerante Mørkemenn som til slutt gjekk av med sigeren. Dameklassen hadde 4 lag, og endeleg lukkast det for Vrimleveps, som tok sin fyrste siger i KRIK Fotballcup.
I herreklassen var det 9 lag fordelt på to grupper. Gruppe 1 hadde fem lag, kor dei fire beste nådde sluttspelet. Debutantlaget Di Søde, anført av Anders Dversnes, viste raskt at dei ikkje hadde kome til Bjerkreimshallen for å læra. Med effektiv angrepsfotball og disiplinert forsvar har laget det som skal til for å nå langt. Di Søde vann gruppa føre De Optimistiske, eit anna nytt lag som viste gode takter. Gruppe to var ei svært hard gruppe, som til slutt vart vunnen av Intolerante Mørkemenn. Andreplassen i gruppa tok Ballbingen FK. Jøran Vinningland sitt lag har vist solide takter dei siste cupane, og hadde no òg henta inn to gode forsterkningar.
Kvartfinalane starta med at Ballbingen FK gav publikum ein leksjon i attraktiv fotball då dei sende Guds Disipler heim med 0-7 i bagasjen. Den neste kampen vart ein tøffare og meir intensiv kamp, kor Di Søde til slutt kunne jubla over å ha slått Mathias Sæstad sitt gode lag Kvang 1-0. Intolerante Mørkemenn hadde god kontroll mot talenta i Gul Snø, og vann til slutt 4-0. De Optimistiske og FFBS spelte 0-0, og fyrstnevnde vann straffekonken. I semifinalen møtte De Optimistiske hardare motstand og tapte 1-6 mot Intolerante Mørkemenn, som dermed tok seg relativt enkelt til finalen. Den andre semifinalen vart meir spanande: Di Søde tok tidleg kommandoen mot Ballbingen FK og gjekk opp i 2-0 i løpet av fyrste halvdel av 1. omgong. Deretter tok Ballbingen i stor grad over spelet, og pressa stort. Di Søde viste imidlertid svært bra defensiv jobbing, unngjekk baklengs og tok seg til finalen. Finalen mot Intolerante Mørkemenn var nesten ikkje i gong før Di Søde utnytta ein forsvarsfeil og sette inn 1-0. Etter dette pressa mørkemennene på. I siste halvdel av 2. omgong lukkast presset, og utlikninga kom etter hard jobb føre mål. Eit par minuttar seinare vart snuoperasjonen komplett, då ein frisparkvariant enda med eit knallhardt skot nærmast i krysset. Intolerante Mørkemenn vann 2-1 og tok dermed sin fyrste cup-siger på nærmare 2 år. Dei leiar no òg Maratontabellen med 2 poengs forsprang til Ballbingen FK.
Dei fire damelaga spelte i same gruppe og plasseringa der skulle avgjera kven som skulle møtast i semifinalane. Blomsterpikene tok ein oppskriftsmessig gruppesiger etter å ha vunne alle kampane og unngått baklengs. På andre plass kom Riksvei 503. Laget dominert av Reime-jenter har vist ei stigande formkurve dei siste cupane, og gjorde sine saker svært bra. I semifinalen møtte dei Pink Lady, og etter 2-1 siger var Reime & co klare for finalen. Den andre semifinalen vart langt jevnare, og Vrimleveps haldt Blomsterpikene til 0-0 og straffekonk. I straffekonken ville det seg ikkje for Blomsterpikene, og med sikre straffetakarar overraska Vrimleveps og tok seg til finalen. Dei to finalelaga hadde spelt mange cupar tidlegare, men ingen av dei hadde nokon gong vunne. Det skulle visa seg å vera Karoline Sandstøl sine Vrimleveps som tok best vare på sjansen. Med svært god innsats vann dei 2-0 over Riksvei 503 og er dermed regjerande meister og på topp på Maratontabellen fram til neste cup 3. september.
Andakten denne gonga vart halden av Gjermund og Børge, og var ein kombinasjon av lesing av Bibelvers og bilete frå KRIK sitt arbeide for born og unge i Tanzania. Dei over 100 deltakarane på cupen sat musestille og høyrde på, noko me i KRIK set svært stor pris på. «Dei» vil vel eigentleg seia «de», då det vel hovudsakeleg er folk som deltek på cupane som les dette. Så eg får vel eigentleg heller seia det slik: Du og dei andre som kjem er ein utruleg flott gjeng og me er utruleg glade for at de vil koma på cupane våre 🙂














spanande debutantlaget Hellvik. Dei lokale favorittane Blomsterpikene hang òg godt med, og klarte gjennom kvalifisering å ta seg til semifinale. Gruppe 2 vart vunnen av Mozell Light, anført av KRIK sin distriktsmedarbeidar Trine Selvikvåg. Då eit lag i den opne klassen ikkje møtte stilte Lye-jentene sporty opp der òg, og fekk rektig slite seg ut på cupen. Vidare frå gruppe 2 kom òg Bffe, som tok seg vidare med betre målskilnad enn Young Ladies. I den fyrste semifinalen imponerte Bffe stort ved å slå ut Hellvik. I den andre semifinalen viste Ane B. Furuseth og co at dei er eit sterkt lag og slo ut Mozell Light etter straffekonk. Finalen mellom Bffe og Blomsterpikene var lenge spanande, og vart avgjort ved Rosmari Gåsland si praktheading. Blomsterjentene vann dermed sin andre siger i KRIK Fotballcup.