Blogg

  • Jevne kampar og verdige vinnarar

    Riksveg 503 kom ikkje til sluttspelet, men hadde nok vunne ein eventuell lagfotokonkurranse.

    Årets andre KRIK Fotballcup i Bjerkreimshallen vart halden fredag 4. mars. Debutantlaget Hjerteknusere, med spelarar frå Bjerkreim sitt damelag, gjekk til topp i Dameklassen. I Herreklassen var det debutantlaget ”Me kom ikkje på noge namn” som trakk det lengste strået. Begge finalane vart avgjort på straffekonk, noko som vel tyder på at nivået var ganske jevnt.

    Det var med 17 lag, fordelt på 10 lag i Herreklassen og 7 lag i Dameklassen. I Dameklassen var laga delt inn i to grupper, kor dei to beste i kvar gruppe tok seg til semifinale. Gruppe 1 vart vunnen av Hjerteknusere. Anført av ei sprudlande Henriette Sundvor gjekk laget gjennom gruppa utan tap. Vrimleveps  tok andreplassen etter mykje flott spel og mellom anna eit kjempemål av Line Honnens. I Gruppe 2 vann Blomsterpikene oppskriftsmessig kampane sine, og den regjerande Maratontabell-meisteren tok seg greitt vidare til semifinale. Hellelandslaget The Wild Childs viste nok ei gong at dei er å rekna med og tok andreplassen i gruppa.

    The Wild Childs møtte stor motstand i semifinalen, der Hjerteknusere slo dei med 3-0. Den andre semifinalen ebba ut med 0-0, og som i sist finale var det Vrimleveps som sigra over Blomsterpikene i straffekonkurranse. Dermed var det duka for finale mellom Hjerteknusere og Vrimleveps. Kampen var svært spanande og begge lag hadde gode forsøk utan å få ballen forbi motstandarens keeper. I straffekonkurransen var Hjerteknusere best og dei vann dermed Dameklassen på cupen.

    Hjerteknusere og Vrimleveps i aksjon.

    I Herreklassen var laga delt inn i to grupper kor dei fire beste i kvar gruppe tok seg til kvartfinale. Gruppe 1 vart vunnen av Foreininga For den Blå Songboka (FFBS), som var skikkeleg på hogget denne kvelden. Dei slo mellom anna gruppetoar Splitt og Hersk, som mønstra eit godt lag og spelte veldig bra fotball. Vidare frå gruppa gjekk òg First Price og Guds Disipler. Gruppe 2 vart vunnen av Me kom ikkje på noge namn. Marius Solberg sine utvalde viste godt samspel og stor balltryggleik og viste dei sterke laga Gul Snø og Intolerante Mørkemenn til 2. og 3. plass i gruppa. Vidare til kvartfinale gjekk òg Langveis Farande.

    Vetle Skjæveland fekk sin debut som superreserve for Guds Disipler. Her burde han kanskje hatt eit frispark?

    I den fyrste kvartfinalen slo Intolerante Mørkemenn ut Splitt og Hersk på straffekonkurranse. FFBS hadde mindre problemar med å slå Langveis Farande, medan First Price, anført av ein svært opplagt Stian Sleveland, slo Gul Snø 2-0. Me kom ikkje på noge namn slo Guds Disipler 2-0, og var dermed klar for semifinale mot First Price. Kampen var svært jamn med stor innsats frå begge lag, men First Price måtte til slutt sjå seg slått med 1-0. I kampen mellom FFBS og Intolerante Mørkemenn, som alltid med stor innsats og godt humør, var det mørkemennene som tok seg vidare med 2-1. Finalen vart ein jamn og innsatsrik kamp kor Intolerante Mørkemenn var sprekast medan Me kom ikkje på noge namn spelte klokast. Det enda 0-0 og Marius Solberg sine utvalde tok ein fortent siger etter å ha vunne straffekonkurransen.

    Me kom ikkje på noge namn innfridde så det haldt!

    Andakten vart halden av Alfred M. Paulsen, ein ivrig KRIKar. Han snakka om den gyldne regel; ” Som de vil at andre skal gjera mot dykk, så skal de gjera mot dei.” (Luk 6.31) og kva goder og utfordringar den fører med seg. Ein tankevekkande og inspirerande andakt av teologistudenten.

    Etter årets to fyrste cupar er Intolerante Mørkemenn og FFBS øvst på Maratontabellen for herrar, medan Vrimleveps leiar damene sin tabell. Neste cup er fredag 6. mai, berre set av kvelden 🙂

  • God start på 5. sesongen med KRIK Fotballcup

    Fredag 7. januar vart årets fyrste KRIK Fotballcup arrangert i Bjerkreimshallen. Av dei tolv laga i Herreklassen var Stars det sterkaste, medan Vrimleveps var det beste av dei åtte damelaga. Med mykje god fotball, god stemning og ein tankevekkjande andakt vart det ein gild kveld i hallen.

    Dameklassen hadde med heile 8 lag, og laga vert berre betre og betre.

    I 2007 dominerte Stian Sleveland og Hugo Netland den fyrste sesongen med KRIK Fotballcup på laget Heroes in Blue. Den seinare tida har dei vore knytta til laget Stars, som òg har andre dyktige spelarar frå A-lag i regionen. Ikkje uventa tok det kort tid før laget viste seg fram. Allereie etter 8 sekundar kom den fyrste scoringa mot Sviland Army, og stjernegutane tok seg relativt greit gjennom gruppespelet og vann gruppe 2.

    Stars gjorde ein svært god cup. At biletet ikkje er større skuldast ikkje at fotografen var på motstandarlaget i finalen, men at mobilkameraet ikkje trivdest i hallen.

    Gruppe 1 vart vunnen av Gul Snø, som består av talentfulle spelarar ifrå Bjerkreim. Med seg til sluttspelet fekk dei debutantlaget First Price, som òg viste gode takter. I gruppe 3 stilte Intolerante Mørkemenn med eit bra lag, med god defensiv kontroll og målfarlige angriparar. Dei toppa gruppa føre Ballbingen FK.

    Frå kampen mellom Ballbingen FK og Intolerante Mørkemenn. Fotografen var enno vaken då.

    I kvartfinalane viste Guds Disipler styrke ved å slå ut Gul Snø, medan Stars oppskriftsmessig slo ut First Price. Desse laga møtte kvarandre så i semifinale, kor Guds Disipler trass god innsats måtte sjå seg slått med 1-0. FFBS tok seg òg til semifinale etter å ha imponert ved å slå Ballbingen FK 3-0. Der vart det duka for eit klassisk oppgjer mot Intolerante Mørkemenn, som hadde slått ut Elite Futsal Superkickers. Mørkemennene vann 2-0 mot FFBS i ein kamp med mykje innsats og godt humør.

    Finalen vart eit spanande oppgjer kor begge lag hadde sine sjansar før Stars gjekk opp til 1-0 etter ein corner. Etter dette førte Stars kampen til dei la på til 2-0 etter pause. Intolerante Mørkemenn pressa så stort og fekk løn for strevet med redusering til 1-2. Men trass spanande sluttminuttar haldt Stars unna og vann ein velfortend siger, deira andre så langt i KRIK Fotballcup.

    I Dameklassen vart gruppe 1 vunnen av Blomsterpikene. Dei regjerande meistrane på Maratontabellen viste solide takter ved å vinna alle sine kampar utan å sleppa inn mål. Andreplassen i gruppa gjekk til The Wild Childs, som nådde sitt tredje strake sluttspel. Gruppe 2 vart vunnen av Vrimleveps, som med svært godt defensivt arbeid tok seg greit til gruppesiger. Med seg til sluttspelet fekk dei Black Diamonds, som så vidt kom føre Jåo på målskilnad.

    Karoline Sandstøl (Vrimleveps, gult) styrte laget inn til nok ein siger på KRIK Fotballcup.

    I den fyrste semifinalen møttest Blomsterpikene og Black Diamonds. Denne kampen vann fyrstnevnte 1-0, og fekk dermed revansje for tapet i semifinalen i januar-cupen i fjor. Same sifra vart det i den andre semifinalen, kor Vrimleveps imponerte ved å slå ut The Wild Childs. Dermed var det duka for eit klassisk oppgjer mellom Blomsterpikene og Vrimleveps i finalen. Kampen var svært spanande med sjansar til begge lag, men ebba ut med 0-0. Dermed måtte det straffespark til for å kåra ein vinnar. Her vann Vrimleveps 2-0 og vann dermed sin andre siger i KRIK Fotballcup.

    Kveldens andaktshaldar var Oddbjørn Edland. Han tok føre seg Sakkeus sitt strev for å koma over folkemengda for å sjå Jesus, og oppfordra oss til å gjera som Sakkeus ved å ikkje danna oss eit bilete av Jesus ved å sjå på dei som tilsynelatande står han nærast, men å sjå forbi desse og ha fokuset direkte på Jesus og Evangeliet. Ein veldig bra andakt frå truleg den minst talentfulle fotballspelaren i hallen denne kvelden.

  • Verdige vinnere på KRIK Cup&Konsert

    Fotballcupen under KRIK Cup&Konsert samlet 42 lag til cupspill i herre-, dame- og U16-klasse. Av de 22 lagene i herreklassen var det Sola-laget Team Bjødni som var sterkest, mens de lokale Blomsterpikene sikret seier i både cup og Maratontabell i dameklassen denne helgen. Likevel var nok høydepunktet Bjerkreimslaget Gul Snø, som med flott spill og stor idrettsglede vant U16-klassen.

    Gul Snø – vinner U16-klassen KRIK Cup&Konsert

    Gruppespillet var fredag kveld og lørdag formiddag, mens sluttspillet ble holdt etter bibeltimen lørdag. De 22 lagene i Herreklassen var fordelt på 5 grupper. Sluttspillet startet med åttendedelsfinaler, hvor fjorårets KRIK Cup&Konsert-finalist Elgen noe overraskende tapte for Julebygda. De fleste ”store” lagene var med til kvartfinale, men der ble forhåndsfavorittene slått ut en etter en: Først røk det tekniske laget The Flowers mot The Wallabies, deretter røk bedehusgjengen i FFBS mot Julebygda, mens fjorårets KRIK Cup&Konsert-mester FK Mustafunte måtte se seg slått av Småkryp. Ved å nå kvartfinale sikret likevel FK Mustafunte seg seier i Maratontabellen, som tegn på at de har vært årets beste lag i KRIK Bjerkreims fotballcuper.

    FK Mustafunte – vinner Maratontabellen 2010

    Videre til semifinale kom også Team Bjødni, som der spilte uavgjort mot The Wallabies for deretter å slå dem på straffekonkurranse. I den andre semifinalen vant Julebygda over Smårips. Finalen ble en underholdende affære som til slutt endte med 3-1 til Team Bjødni.

    Team Bjødni – vinner Herreklassen KRIK Cup&Konsert

    De 12 lagene i dameklassen var fordelt på 3 grupper. De lokale favorittene Blomsterpikene og Vrimleveps tok seg oppskriftsmessig til kvartfinale. Der fikk de blant andre følge av Hellelands-jentene The Wild Childs og Bryne-jentene Pink Panters. Disse lagene tok seg også videre til semifinale, der Pink Panters slo Vrimleveps 1-0 mens Blomsterpikene slo The Wild Childs med samme sifre. Finalen ble et intenst oppgjør hvor Pink Panters gav de mer rutinerte Blomsterpikene god motstand. De lokale favorittene ble likevel for sterke, fikk det avgjørende målet og vant 1-0. Dermed vant Blomsterpikene både cupen og årets Maratontabell, og kunne nye velfortjent jubel fra et stort publikum.

    Blomsterpikene – vinner Dameklassen KRIK Cup&Konsert

    U16-klassen hadde med 8 lag fordelt på to grupper. Jærlaget Dream Team spilte attraktiv fotball og tok seg greit gjennom gruppespillet. Fra gruppen deres kom også Johnsen & Co til semifinale. I den andre gruppen kom Ålgårds-gjengen i Connect All-Star og de lokale favorittene Gul Snø videre til semifinale. I den første semifinalen møttes de to kanskje beste lagene, Gul Snø og Dream Team. Kampen ble svært underholdende og endte til slutt 2-1 til Gul Snø, til stor fornøyelse for publikum. Connect All-Star slo Johnsen & Co 4-3 og tok seg da også til finalen. Finalen ble enveiskjøring der Gul Snø ikke stoppet før det stod 4-0. Den talentfulle Bjerkreimsgjengen viste seg som en verdig vinner som klarte å kombinere individuelle prestasjoner og lagarbeid på en glimrende måte.

  • Welcome to KRIK Cup&Konsert

    KRIK (Kristen Idrettskontakt; Christian Sports Contact) Bjerkreim is an organization arranging indoor football (soccer) tournaments five times every year. The four first tournaments are the first Friday of January, March, May and September, while the last tournament is part of the week-end event KRIK Cup&Konsert, which also consists of concerts with international Christian bands and meetings.

    KRIK Cup&Konsert 2016 will be arranged the weekend November 18th-20th. The event has an indoor soccer tournament starting Friday at 5pm, with the finals done Sunday at 5pm. We’re expecting concerts with great Christian artists, more info to come. Tickets can be bought at checkin.no. Besides this, there will be Christian Meetings, entertainment and the possibility of having a place to sleep and breakfast here.

    If you would like more information and/or have questions, please contact us at krikbjerkreim@hotmail.com, we’ll be happy to help you buy concert tickets and find a place to stay if you’d like to spend more days here during the weekend.

    How to get here: Bjerkreimshallen is located by the main road (E39) 45 minutes (by car) South of Stavanger city and Stavanger airport Sola (SVG). We will do our best to help you get here, please contact us at krikbjerkreim@hotmail.com and we’ll help you plan the travel.

  • Splitt og Hersk viste styrke

    Ein av mange gode duellar på cupen. Fleire bilete finn du på Facebook-gruppa KRIK Bjerkreim.

    Årets fjerde KRIK Fotballcup vart halden fredag 3. september. Med 11 lag i Herreklassen og 6 lag i Dameklassen vart det mykje underhaldande fotball og intense oppgjer. Herreklassen vart vunnen av debutantlaget Splitt og Hersk frå Eigersund, medan Blomsterpikene nok ein gong vann Dameklassen. Andaktshaldar på cupen var Fernando de Ornelas, som skapte god stemning blant tilhøyrarane.

    Herreklassen bestod av to grupper. Gruppevinnar i Gruppe 1 vart FK Mustafunte, som alltid viser tekniske finesser og bra samspel – trass i at det var fleire utskiftningar frå laget dei stilte med sist. På andre plass kom Splitt og Hersk, medan dei unge og lovande laga Dundee United og Gul Snø òg kom seg til kvartfinale.

    Gruppe 2 starta noko seint på grunn av at fleire av spelarane var opptekne med A-lagskamp og bedehusmøte. Regjerande meister Intolerante Mørkemenn tok seg greit til gruppesiger med fire sigrar. Andreplassen i gruppa tok debutantlaget Oddvar, ein gjeng talentfulle Tryggheimselevar. Til kvartfinale kom òg Tinki Winki og FFBS.

    I den fyrste kvartfinalen måtte Dundee Utd sjå seg slått av dei litt eldre motstandarane på Oddvar. Tinki Winki, med fleire trøytte A-lags spelarar på laget, gav FK Mustafunte god kamp og haldt dei til uavgjort, men gjengen frå Lye er alltid sikre frå 7 (?)-meteren og vann straffekonken. Splitt og Hersk viste styrke då dei sende FFBS ut i den neste kvartfinalen, medan Intolerante Mørkemenn vann sin kamp trass god motstand frå Vidar Gjedrem sine utvalde på Gul Snø.

    I fyrste semifinalen hadde FK Mustafunte god kontroll mot Oddvar, og tok ein komfortabel 2-0 siger. Eit skår i gleda var at solide Preben L. Hellvik vart skada og måtte sjå finalen frå sidelinja. Den andre semifinalen mellom Splitt og Hersk og Intolerante Mørkemenn vart avgjort heilt mot slutten, då ei flott scoring sende Eigersundslaget føre med 1-2 og dermed til finalen.

    Finalen vart ein forrykande fotballkamp kor Splitt og Hersk tok leiinga og spelet deretter bølga fram og tilbake. FK Mustafunte hadde sine sjansar og brukte keeperen svært offensivt, noko Splitt og Hersk til slutt utnytta og sette 2-0 målet frå ca. 20 meter. Ein velfortent siger til eit samspelt, teknisk og sterkt Splitt og Hersk. Me vonar å få sjå meir til Eigersundslaget på seinare cupar!

    Splitt og Hersk

    I Dameklassen vann dei lokale Blomsterpikene gruppa etter solid spel gjennom heile gruppespelet. Blomsterpikene har alltid eit sterkt lag, og hadde noko å revansjera etter å ikkje ha nådd finalen sist gong. KRIK-cupane har tidlegare hatt mange gode bidrag frå Helleland, og laget The Wild Childs er ikkje noko unntak. Med god innsats og solide ferdigheiter tok dei andreplassen i gruppa. Til sluttspelet kom òg regjerande meister Vrimleveps og The Blondies.

    Blomsterpikene viste klasse i semifinalen då dei slo The Blondies heile 4-0. Den andre semifinalen var jevnare, der var det til slutt The Wild Childs som tok sigeren med 2-1 mot Vrimleveps. Finalen vart jevn og innsatsrik. Blomsterpikene vann 1-0, men The Wild Childs viste lovande takter og har definitivt potensiale til å nå toppen.

    Blomsterpikene

    Andaktshaldar på cupen var Fernando de Ornelas. «Nando» har eit langt liv som fotballproff bak seg, med spel for klubbar i m.a. Skottland, England, Portugal, Tyskland, Kypros og Kina. Han fortalde om ei fortid med fest, alkohol og dårlege stemning i ekteskapet før han vart kjend med Jesus. Med ein god kombinasjon av spansk, norsk og lokal dialekt fortalde han ungdomen kor godt og trygt han hadde det med Jesus. Me i KRIK er svært takksame for at han tok turen frå Skien berre for å halda andakt for oss!

    Fernando de Ornelas.

    Neste cup er under KRIK Cup&Konsert helga 5.-7. november. Meir info om den finn du her. Me håper du stiller då òg 🙂

  • KRIK Cup&Konsert

    KRIK Cup&Konsert 2017 vert arrangert helga 17.-19. november. Me gler oss til å gå i lag med Varhaug Kristelige Ungdomslag om arrangementet, og satsar på cup, møte, overnatting, underhaldning og forhåpentlegvis konsert 🙂 Meir info kjem i løpet av september.

  • Reise og overnatting

    Du kjem deg til Vikeså med bil eller buss (kolumbus.no), og me tilbyr overnatting frå laurdag til sundag.

    Bjerkreimshallen ligg på Vikeså ca. 2,5 km frå E39 (buss-stoppen). Det er rikeleg med parkeringsplasser i området. Dersom du kjem med bussen og har mykje bagasje, så ta kontakt på krikbjerkreim@hotmail.com eller tlf. 40494797 så prøver me å hjelpa til med transport.

    GPS: Bjerkeimshallen har adresse Vikesågata 57, 4389 VIKESÅ.

    Overnatting: Me tilbyr òg overnatting i lokale i nær tilknytning til hallen. Du må ha med sovepose og underlag sjølv. Prisen for overnatting med frukost er kr. 100. Bestilling skjer til krikbjerkreim@hotmail.com, messenger KRIK Cup&Konsert eller tlf. 40494797 seinast torsdag 14. november kl. 18.

  • Konsert under KRIK Cup&Konsert 2019

    Konserten er ved Rush Of Fools og blir på samfunnshuset (GPS Vikesågata 57) laurdag kl. 21.30. Det er gratis og berre å møta opp.

    Rush of Fools stiller med ei blanding av lovsong og kristen pop. Dei som har høyrt dei før veit at dei leverer live.

    Bli med på festen du òg 🙂

    ROF Poster-page-001

  • Andaktshaldarar KRIK Cup&Konsert 2019

    Fernando de Ornelas snakker på kveldsmøtet laurdag (kl. 20) og føremiddagsmøtet sundag (kl. 11). Fernando har tidlegare vore aktiv fotballspelar i ei rekke klubbar, mellom anna Odd og Celtic, og har vore landslagsspelar for Venezuela. No jobbar han som pastor i Betania Stathelle, har tidlegare vore og snakka for oss og ser fram til eit nytt besøk på KRIK Cup&Konsert.

    Rebecca Andreassen er pastor i Hillsong Egersund. Ho starta på dette virket i sommar og har vist eit stort engasjement så langt. Dette tek ho med seg inn i Bibeltimen, som vert halden i Bjerkreimshallen laurdagen kl. 13. Tema er Utfordringar.

    HP Martinsen er tidlegare torpedo og har vanka i eit miljø der «Jesus» kun blir sett på som eit uttrykk når ein skal ta litt hardt i. No er han ein forkynnande kristen som har ei sterk historie som er verd å høyra på. HP snakkar på U16-møtet (tiltenkt ungdomsskulealder) på samfunnshuset laurdagen kl. 15.

  • Billettar og påmelding

     

    Konsert:

    • Rush Of Fools har konsert på samfunnshuset laurdag kl. 21.30. Konserten er gratis, du treng ikkje billett for å koma inn.
    • Er du klar for å høyra meir av bandet, så bli med på møtet (same plassen) kl. 20, då står Rush of Fools for lovsongen.

     

    Deltaking fotballcup:

    Det skal vera keeper + 5 utespelarar på banen for kvart lag (ein kan òg ha med innbytarar – så mange ein vil). Aldersgrensa for deltaking på cupen er 8. klasse. Prisen er kr. 100 per deltakar (kr. 50 for betalande medlemer i KRIK Bjerkreim). Påmelding sender du til krikbjerkreim@hotmail.com, messenger KRIK Cup&Konsert eller tlf. 40494797 seinast torsdag 14. november kl. 18.

     

    Overnatting og frukost:

    Det vert tilbod om overnatting i nærleiken av Bjerkreimshallen. Pris kr. 100 som inkluderer frukost. Me har vakne, vaksne nattevaktar. Påmelding sender du til krikbjerkreim@hotmail.com, messenger KRIK Cup&Konsert eller tlf. 40494797 seinast torsdag 14. november kl. 18.