Blogg

  • Tigrane og Ibracadabra til topps på cup og tabell

    Årets tredje KRIK Fotballcup vart arrangert i Bjerkreimshallen fredag 3. mai. Det var 19 påmelde lag; 11 i Herreklassen, 4 i Dameklassen og 4 i U16-klassen. Etter fleire gode cupar klarte endeleg Ibracadabra å nå toppen i Herreklassen. Dameklassen vart vunnen av Tigrane, medan debutantlaget FC Laurentz tok sigeren i U16-klassen.

    Både FC Ørsdalen (raude trøyer) og FC Laurentz (kvite) markerte seg sterkt i U16-klassen.
    Både FC Ørsdalen (raude trøyer) og FC Laurentz (kvite) markerte seg sterkt i U16-klassen.

    U16-klassen bestod av fire lag. FC Laurentz og This is Football enda på dei to fyrste plassane og møttest då til finale, kor vinnarlaget ville få ein plass i sluttspelet i Herreklassen. Kampen enda mållaust og dyktige straffeskyttarar sende FC Laurentz til topps.

    Dei 11 laga i Herreklassen var fordelte på tre grupper. Det var få overraskingar i gruppespelet, men i sluttspelet måtte lag som De Beste og FFBS sjå seg slått ut allereie i kvartfinalane. Begge semifinalane enda mållause. I den fyrste tok Heroes in Blue seg vidare etter å ha slått Intolerante Mørkemenn på straffekonk. Deretter var det Ibracadabra som klarte det same etter eit fartsfylt oppgjer mot Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys. Finalen var jevn, og Heroes in Blue overraska ved å gå hardt ut og ta leiinga 1-0. Ikkje lenge etter kom utlikninga til 1-1, eit resultat som vart ståande. Det måtte dermed ny straffekonk til. Til slutt trekte Ibracadabra det lengste strået og kunne jubla for sin fyrste cupsiger.

    Ibracadabra vann Herreklassen. Bak f.v.: Gabriel Merkesdal, Adrian Egeland, Matias Leidland, Olav Omlid. Framme f.v.: Marius Koldal, Stefan Ghilom, Thomas Soldal.
    Ibracadabra vann Herreklassen. Bak f.v.: Gabriel Merkesdal, Adrian Egeland, Matias Leidland, Olav Omlid. Framme f.v.: Marius Koldal, Stefan Ghilom, Thomas Soldal.

    Dameklassen bestod av fire lag, kor dei to beste spelte finale mot kvarandre. Tigrane vann alle kampane i gruppa medan det måtte målskilnad til for å  tilkjenna Back in Black andreplassen føre Rosa Vind. Finalen vart eit tett oppgjer kor Tigrane til slutt vann 1-0 og vart vinnar av mai-turneringa i år som i fjor.

    Tigrane vann Dameklassen. Bak f.v.: Kaja Myklebust, Tonita Noreng Tollefsen, Betina Noreng Tollefsen. Framme f.v.: Marie Svanes, Oda Loug Pedersen, Live Hansen Jørgensen.
    Tigrane vann Dameklassen. Bak f.v.: Kaja Myklebust, Tonita Noreng Tollefsen, Betina Noreng Tollefsen. Framme f.v.: Marie Svanes, Oda Loug Pedersen, Live Hansen Jørgensen.

    Kveldens andaktshaldar var Kåre Gilje. Han snakka engasjert om å heller ha Jesus som sitt faste haldepunkt i gode og dårlege tider enn å skapa seg ein identitet gjennom det materielle.

    På Maratontabellen i Herreklassen har no Ibracadabra fått tre poengs forsprang til Heroes in Blue, som har Battle-Boys-gjengen frå Lura eit poeng etter. I Dameklassen toppar Tigrane eitt poeng føre Jentene til Bens, med Back in Black to poeng bak desse. Det vert ein spanande haust!

    This is Football tok 2. plass i U16-klassen, men tok òg eit lagbilete som bør bevarast for ettertida. F.v.: Glenn Grønning, Kristian A. Gonzales, Njål Reime, Ola Andreas Egeland og Morten Egeland. Liggjande: Erik Sandstøl.
    This is Football tok 2. plass i U16-klassen, men tok òg eit lagbilete som bør bevarast for ettertida. F.v.: Glenn Grønning, Kristian A. Gonzales, Njål Reime, Ola Andreas Egeland og Morten Egeland. Liggjande: Erik Sandstøl.
  • Ingelin Ognedal dominerte

    Nokre spelarar berre scorar mål. Men Ola Andreas Egeland gjer det med stil!
    Nokre spelarar berre scorar mål. Men Ola Andreas Egeland gjer det med stil!

    Årets andre KRIK Fotballcup vart arrangert fredag kveld. Det var med 22 lag; 10 lag i Herreklassen, 6 lag i Dameklassen og 6 lag i U16-klassen. Vinnar av U16-klassen vart Kirkens Nødhjelp, medan Ingelin Ognedal sine lag Team Bjødni og Jentene til Bens vant Herre- og Dameklassen. Dette er fyrste gonga ein spelar har vunne både Herre- og Dameklassen på same cupen. Av andre funfacts kan nevnast at Team Bjødni-spelar Kristian Magnusson var med på FK Mustafunte-laget som vann tilsvarande cup for 5 år sidan.

    Dette var fyrste ordinære KRIK Fotballcup kor me hadde eigen U16-klasse. Dei seks laga i denne klassen var fordelt på to grupper, kor dei to beste laga i kvar klasse gjekk til sluttspelet. Finalen vart spelt mellom lokale FC Ørsdalen og Kirkens Nødhjelp, som hadde spelarar frå Egersund og Moi. Etter 0-0 måtte det straffekonk til for å kåra Kirkens Nødhjelp til vinnar. Dette sikra dei òg kvartfinale i Herreklassen.

    Kirkens Nødhjelp: Bak f.v.: Tor Brian Surdal, Thomas Haaland, Andreas Hansen, Ole Østebrød, Adrian Røyland. Framme f.v.: Kay Eirik Litsheim og Eirik Løvbrekke. Liggjande: Adrian Nesse.
    Kirkens Nødhjelp: Bak f.v.: Tor Brian Surdal, Thomas Haaland, Andreas Hansen, Ole Østebrød, Adrian Røyland. Framme f.v.: Kay Eirik Litsheim og Eirik Løvbrekke. Liggjande: Adrian Nesse.

    Dei ti laga i Herreklassen var fordelt på  to grupper. Det var svært jevnt nivå, noko som viste att i at gruppevinnarane Intolerante Mørkemenn og Ta an du, æg he sting vart slått ut allereie i kvartfinalane. I den fyrste semifinalen vann Heroes in Blue 2-0 mot Kirkens Nødhjelp, medan Team Bjødni slo Ibracadabra på straffekonk etter 1-1 ved full tid. Finalen var svært underhaldande med to lag som hadde høgt teknisk nivå og godt samspel. Heroes in Blue styrte fyrste omgang og gjekk til pause med 1-0, medan Team Bjødni hadde fleire store sjansar i andre omgang og vart løna med utlikning etter at Kristian Magnusson vart tilkjent eit omdiskutert straffespark. Flotte redningar av Bjødni-keeper Espen Primstad sikra deretter sigeren på straffekonk.

    Team Bjødni: Bak f.v.: Kristian Magnusson, Bjørnar Byberg, Oskar Sunde, Peder Alsaker, Alf Helge Søyland, Svein Erik Thorstvedt, Ingelin Ognedal. Framme: Espen Primstad.
    Team Bjødni: Bak f.v.: Kristian Magnusson, Bjørnar Byberg, Oskar Sunde, Peder Alsaker, Alf Helge Søyland, Svein Erik Thorstvedt, Ingelin Ognedal. Framme: Espen Primstad.

    Dei seks damelaga var samla i ei gruppe, kor dei beste laga spelte finale. Jentene til Bens vann sist cup og haldt seg på vinnarsporet. Dei toppa gruppa utan poengtap, med Tigrane som ein god nummer to. Dei lovande lokale jentene Back in Black tok ein fin tredjeplass. Finalen mellom Jentene til Bens og Tigrane var jevnspelt fram til midten av andre omgong, då hellelandslaget gjekk opp til 1-0. Tigrane prøvde å svara, men trass gode forsøk vart resultatet eit nytt mål imot og 2-0 til Jentene til Bens.

    Jentene til Bens: Bak f.v.: Trine Sundvor, Lotte Sæstad, Gry Fotland Salvesen og Marie Leidland. Framme f.v.: Ingelin Ognedal, Kari Therese Apeland, Anneline Eriksen.
    Jentene til Bens: Bak f.v.: Trine Sundvor, Lotte Sæstad, Gry Fotland Salvesen og Marie Leidland. Framme f.v.: Ingelin Ognedal, Kari Therese Apeland, Anneline Eriksen.

    Kveldens andaktshaldar var KRIK-styremedlem Magnus Helland. Han hadde ein inspirerande andakt som skildra kor vanskeleg det kan vera å leva som kristen i andre land, men at det likevel er mange som trossar farar for å vera med på å spre Evangeliet.

    Etter dei to fyrste cupane tronar Ibracadabra øvst på Maratontabellen for Herreklassen, medan Jentene til Bens har eit godt forsprang i Dameklassen.

  • Battle-Boys og Jentene til Bens til topps

    Årets fyrste KRIK Fotballcup i Bjerkreimshallen vart arrangert fredag 4. januar. Det var fullt i begge klassane og generelt svært høgt nivå på laga. Dameklassen vart vunnen av Jentene til Bens, medan Lura-gjengen på Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys tok seg til topps i Herreklassen.

    Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys - vinnar av Herreklassen.
    Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys – vinnar av Herreklassen.

    I Herreklassen var det med 16 lag som var fordelt på fire grupper. Av dei huggelege overraskingane denne gonga var lokale Gul Snø, som viste fin framgong frå tidlegare. I tillegg viste Ibracadabra, med spelarar frå Bjerkreim og Eigersund, at dei er eit lag som definitivt har potensiale til å gå heilt til topps. Ein intens semifinale mellom dei to laga enda med 0-1. I den andre semifinalen møttest to andre svært samspelte lag. Supersonic Battle-Boys gjekk raskt opp i ei 2-0 leiing og det heile kunne synast avgjort, men Kai Johansen sine stutar frå Tonstad bretta opp erma og gav publikum ein flott leksjon i opphenting. Med 2-2 etter  ordinær tid måtte det straffekonk til for å senda gjengen frå Lura til finale. Finalen vart eit fartsfylt oppgjer med høgt teknisk nivå. Publikum let seg spesielt imponera over Peder S.  Alsaker, som var eit stadig uromoment på topp for Supersonic Battle-Boys og sterkt delaktig i scoringa som gav dei ei tidleg 1-0 leiing som held kampen ut.

    Ibracadabra.
    Ibracadabra.

    I Dameklassen var det med 8 lag som var fordelt på to grupper. Gruppene vart vunne av Back in Black og Kometkameratene. Fyrstnevnte haldt fram med å imponera etter sigeren i Dameklassen frå sist cup, medan Kometkameratene gjorde at dei fort segla opp som ein favoritt til å vinna cupen. Imidlertid skulle ingen av laga klara å nå finalen. Back in Black møtte Hellelands-jentene Jentene til Bens i sin semifinale. Kampen var spanande og jevnspelt, og det måtte ei sein scoring til for å senda Bens Cafè-jentene til finalen. Der møtte dei Tigrane, som hadde snudd Kometkameratene si 1-0 leiing til 2-1 i deira semifinale. I finalen fekk Jentene til Bens tidleg overtaket, viste flott spel og vann til slutt heile 4-0.

    Jentene til Bens - Vinnar av Dameklassen.
    Jentene til Bens – Vinnar av Dameklassen.

    Kveldens andaktshaldar var Olav Vølstad. Olav, som har vore med som dommar på cupane sidan starten, fortalte frå si karriere som landslagsspelar i volleyball og trekte fram Romarbrevet kapittel 12 som ein skriftsstad kor ein kan finna mange gode råd i korleis ein skal leva som kristen.

    Olav Vølstad haldt ein flott andakt.
    Olav Vølstad haldt ein flott andakt.
  • Bjerkreimslag vann alle klassane

    Jøran Vinningland (lyst hår) vart matchvinnar for Di Beste i finalethrilleren mot det imponerande KVS Elite.

    Tidenes største KRIK Fotballcup i Bjerkreim vart halden under KRIK Cup&Konsert. Det var då med heile 52 lag, fordelt på 26 lag i Herreklassen, 10 lag i Dameklassen og 16 lag i U16-klassen. Trass i stor geografisk variasjon på laga, var det bjerkreimslag som gjekk sigrane ut av alle klassane. Herreklassen vart vunnen av Di Beste, som med sigeren òg sikra seg pokalen for vinnar av Maratontabellen. Laget vann ein spanande finale 2-1 mot KVS Elite frå Lyngdal. I Dameklassen vann det lokale Back in Black ein imponerande 2-0 siger over De Marsjerende Krembollene frå Eigersund. Sistnevnte vann på si side Maratontabellen i Dameklassen. Finalen i U16-klassen vart eit reint bjerkreimsoppgjer, kor Ørsdalen FC slo This is Football på straffekonk etter 0-0 i spel.

    I Herreklassen skulle mykje dreia seg om Di Beste. Laget vann gruppa si og møtte Sjømannsforeningen, som leia Maratontabellen, i åttandedelsfinalen. Med 1-0 tok Di Beste seg til kvartfinalen, men Sjømannsforeningen sitt forsprang på tabellen gjorde at Di Beste og FFBS, som òg hadde teke seg til kvartfinale, måtte ta seg til semifinale for å gå forbi sjømennene på tabellen. Di Beste slo regjerande meister Intolerante Mørkemenn 1-0 i kvartfinalen medan FFBS slo Team Snøft på straffekonk etter 1-1 ved full tid. I ein prestisjetung semifinale, kor vinnaren kom til å vinna maratontabellen, vann Di Beste heile 3-0. I finalen møtte dei KVS Lyngdal, som hadde vunne gruppa og imponert stort i sluttspelet. Laget var gjennomført både med tanke på fotball og show, dei stilte med trenarar i dress og cheerleaders, noko som stod heilt i stil med deira utsøkte spel. Lyngdølane tok leiinga 1-0 i finalen, men Di Beste snudde med to mål i andre omgong og vann dermed både maratontabellen og KRIK Bjerkreim sin største cup nokon sinne.

    Dameklassen hadde dette året vore dominert av eigersundslaga Tigrane og De Marsjerende Krembollene, som låg øvst på maratontabellen før KRIK Cup&Konsert. Begge desse laga gjekk oppskriftsmessig vidare frå sluttspelet. I sluttspelet fann me òg m.a. The Incredible Hulks, som med solid defensivt spel hadde teke seg til topps i Gruppe 1, og Back in Black, som etter to uavgjortresultatar havna bak krembollane i Gruppe 2. The Incredible Hulks og Back in Black møttest i semifinale, kor Back in Black vann sin andre straffekonkurranse på rad. I den andre semifinalen vart Maratontabellen avgjort, då De Marsjerende Krembollene slo Tigrane 1-0 og gjekk forbi dei på maratontabellen. Finalen vart eit fartsfylt oppgjer kor Back in Black slo De Marsjerende Krembollene 2-0, og bjerkreimsjentene kunne dermed jubla for siger i Dameklassen.

    Back in Black – vinnar av Dameklassen under KRIK Cup&Konsert
    De Marsjerende Krembollene – vinnar av Maratontabellen Dameklassen 2012.

    I U16-klassen var det fire grupper med totalt 16 lag. Det var mange jevne kampar og konfirmantlaga frå Time hevda seg sterkt. Endå sterkare gjorde This is Football og FC Ørsdalen det. TiF tok seg til semifinale etter at Ola Andreas Egeland senka Hannkattane med eit velplassert langskot. I semifinalen fekk dei noko overraskande walkover og møtte FC Ørsdalen i finalen. Ørsdølane hadde slått Stålguttane og Mine Disiplar 1-0. Det var dermed klart for eit reint bjerkreimsoppgjer i finalen. FC Ørsdalen hadde spelemessig overtak, men This is Football forsvarte seg godt og hadde sine sjansar. Det enda med 0-0, og ørsdølane gjekk sigrane ut av straffekonken.

    FC Ørsdalen – vinnar av U16-klassen på KRIK Cup&Konsert.
  • Sjømannsforeningen og Tigrane til topps

    Årets fjerde KRIK Fotballcup vart arrangert fredag kveld. Herreklassen vart vunnen av Sjømannsforeningen, medan Tigrane tok sin andre siger på rad i Dameklassen. Begge laga tok dermed eit steg nærmare siger på maratontabellen, men det er framleis svært jevnt føre KRIK Cup&Konsert helga 16.-18. november.

    Debutantlaget FC Ørsdalen gjorde ein god figur på cupen. Her mot Æg Æ Mæ, som òg var med for fyrste gong.

    Det var 15 lag i Herreklassen, fordelt på 3 grupper. To av dei mest positive overraskingane denne gonga, var E’Towns Store Sønner og Heroes in Blue. Sønnene, med m.a. Elion Shatri og Marius Koldal på laget, vann gruppa si og slo ut FFBS i kvartfinalen. Jan Terje Søyland sine blå heltar hadde denne gonga solid og fintspelande lag som var navnet verdig. Dei to laga møttest i ein jamn semifinale som enda 1-1. Heroes in Blue-keeper Vegard Lomeland stengde buret i straffekonken og sende dermed laget sitt vidare. I finalen møtte dei Sjømannsforeningen, som hadde send ut bjerkreimslaga Gul Snø og Di Beste tidlegare i sluttspelet. Finalen var eit fartsfylt oppgjer, men kombinasjonen av eit solid forsvar og dyktige målscorarar i Martin Mong Eide og William Refsland gjorde at Sjømannsforeningen kunne ta heim sin andre siger for året.

    Sjømannsforeningen – vinnar av Herreklassen

    Dameklassen hadde dei siste to cupane vore dominerte av eigersundslaga De Marsjerende Krembollene og Tigrane. Slik skulle det òg verta denne gonga. I semifinalane slo krembollane ut Riksveg 503 med ein overbevisande 3-0 siger, og etter to kjappe mål i 2. omgang sikra Tigrane den andre finaleplassen i kampen mot Blomsterpikene. Finalen vart jamnspelt utan dei heilt store sjansane. Det ebba ut med 0-0. Straffekonkurransen vann Tigrane 3-2, og dei kunne dermed feira sin andre siger på rad.

    Tigrane – vinnar av Dameklassen

    Kveldens andaktshaldar var Viking-spelar King Osei Gyan. Han tok utgongspunkt i likningane om skatten og perla (Matteus 13:44-46), som trekte parallellar mellom det å bli ein god fotballspelar og det å få eit godt forhold til Gud: Begge krev mykje tid og innsats, men dei er absolutt verd prioriteringa.

    King Osei Gyan
  • Endeleg lukkast FFBS!

    Før fredagens cup hadde Foreininga For den Blå Songboka (FFBS) delteke i 26 av 27 cupar, vore nærmast fast inventar i sluttspela og nådd finalen fleire gonger – utan å vinna. Denne gonga fekk dei endeleg løn for strevet og vann Herreklassen. I Dameklassen stadfesta Tigrane det positive inntrykket frå sist cup, då dei denne gonga gjekk heilt til topps i den siste KRIK-cupen før ferien.

    I Herreklassen var dei 10 laga fordelt på to grupper med 5 lag i kvar. To debutantlag sette sitt preg på gruppene; i gruppe 1 tok det lokale byggefelt-laget Teigen FK andreplassen i gruppa bak Ta An Du, Æg He Sting, medan Sandnes Guttene fekk andreplassen i gruppe 2 bak regjerande meistrar Di Beste. Likevel var det i kvartfinalane at dei verkeleg store overraskingane kom: Fyrst vart Di Beste slått ut på straffekonk av FFBS etter 1-1 ved ordinær tid, og så vart Sjømannsforeningen (leiar av Maratontabellen) slått på straffer av Ta An Du, Æg He Sting etter 0-0. I dei andre kvartfinalane vann Teigen FK 1-0 mot E’Towns Store Sønner medan Sandnes Guttene og Gul Snø spelte 1-1 med fyrstnevnte vidare etter straffer.

    I den fyrste semifinalen ville FFBS revansjera gruppespelstapet mot Teigen FK. Songbok-foreininga gjekk ut for fullt, haldt eit enormt tempo heile kampen og vann til slutt fullt fortjent 3-0. Den andre semifinalen vart noko jevnare, men Ta An Du, Æg He Sting hadde kontroll og tok ein grei 1-0 siger mot Sandnes Guttene. Dermed var det duka for finale mellom to lag som trass fleire finalar bak seg framleis mangla siger på KRIK-cup. Det vart ein intens og jevn finale. Laget med sting hadde eit annullert mål og mot slutten to glimrande forsøk ved goalgetter Morten G. Versland, men måtte likevel sjå seg slått 1-0 etter at Frithjof Vassbø sette eit innspark frå sida i mål via ein motstandar.

    I Dameklassen var det 7 lag fordelt på to grupper. Gruppe 1 vart vunnen av eigersundslaget Tigrane, som vann alle kampane. Blomsterpikene tok seg òg vidare til semifinale, medan Rosa Vind (biletet) tok tredjeplassen og fekk ein ny sjanse i gruppe 2. Der imponerte det unge laget med å halda regjerande meister De Marsjerende Krembollene til 0-0 og begge desse laga tok seg vidare til semifinale. Der møtte Krembollane Blomsterpikene, og ein jevn kamp ende 2-1 etter eit jevnt oppgjer med m.a. eit annullert blomsterpikemål. I den andre semifinalen hadde Tigrane betre kontroll og slo Rosa Vind 3-1. Dermed var det duka for ein ny finale mellom eigersundslaga Tigrane og De Marsjerende Krembollene. Det vart nok ein fartsfylt oppgjer, og denne gonga var det Tigrane som vann 2-1 etter mål av Tonita Noreng Tollefsen og Live Jørgensen.

    På Maratontabellane er det no heilt ope i begge klassane. I Herreklassen toppar Sjømannsforeningen (biletet over) og FFBS med 10 poeng, medan Di Beste er like bak med 9 poeng. I Dameklassen ligg Tigrane og De Marsjerende Krembollene på topp med 5 poeng, medan Blomsterpikene har 4 poeng.

    Kveldens andaktshaldar var Gustav Kjølberg. BIL sin A-lags trenar skapte merksemd ved å starta andakten med å snakka om Paradise Hotel, og klarte på ein flott måte å få fram skilnaden mellom rask og egoistisk kjærleik og den kjærleiken Gud har overfor oss og som me må prøva å visa overfor kvarandre.

  • Krembollar!

    Debutantlaget De Marsjerende Krembollene imponerte både med kreativt lagnavn og veldig bra spel, sistnevnte førte dei til topps i Dameklassen på årets andre KRIK Fotballcup. Di Beste reiste seg frå tap i semifinale under sist cup og tok heim sigeren i Herreklassen. Med rekordhøge 24 deltakanede lag på ein «vanleg» KRIK Fotballcup var det høgt nivå og mykje bra og underhaldande fotball.

    De Marsjerende Krembollene - vinnar av Dameklassen KRIK Fotballcup #2/2012
    De Marsjerende Krembollene – vinnar av Dameklassen KRIK Fotballcup #2/2012

    Dei 16 laga i Herreklassen var fordelt på 4 grupper kor dei to beste i kvar gruppe gjekk vidare til sluttspelet. Gruppe 1 vart vunnen av Ta An Du, Æg He Sting, medan Team Snøft tok andreplassen. I gruppe to tok Gul Snø og FFBS seg oppskriftsmessig vidare, men det var små marginar som gjorde at lovande This is Football ikkje blanda seg inn i toppen. I gruppe 3 vann Sjømannsforeningen alle kampane og fekk med seg teknikarane i Casanova’s til sluttspelet, medan gruppe 4 vart vunnen av Intolerante Mørkemenn føre Di Beste.

    Som på sist cup slo Di Beste ut Ta An Du, Æg He Sting på straffekonk. Casanova’s imponerte ved å slå Gul Snø 2-0 og Sjømannsforeningen kontrollerte greit med same resultatet mot FFBS. Kampen mellom Team Snøft og Intolerante Mørkemenn vart ein thriller med resultat 2-2 etter fire flotte mål, og deretter ein lang straffekonk som mørkemennene til slutt gjekk sigrane ut av. I semifinalane vann Di Beste 1-0 mot Casanova’s, medan Sjømannsforeningen slo Intolerante Mørkemenn på straffekonk etter ein kamp som enda 1-1. Finalen vart jevn og spanande, men korkje Di Beste eller Sjømannsforeningen fekk hol på byllen. I straffekonken hadde Di Beste svært sikre straffetakarar og sørga for sin fyrste siger på KRIK Fotballcup. Sigeren førte dei òg opp i ryggen på Sjømannsforeningen på Maratontabellen, der dei to laga allereie har fått ei lita luke.

    I Dameklassen var det 8 lag fordelt på to grupper. De Marsjerende Krembollene viste kvalitet frå fyrste spark på ballen, vann alle kampane sine og toppa gruppe 1. Med seg til semifinalane fekk dei Navnløse, som òg gjorde ein god figur i gruppespelet. Gruppe 2 var noko jevnare, her trekte Tigrane det lengste strået føre Blomsterpikene. Tigrane fekk mindre problemar i semifinalen, kor dei slo Navnløse heile 5-0. Semifinalen mellom De Marsjerende Krembollene og Blomsterpikene var svært underhaldande med sjansar til begge lag, men det var fyrst etter straffekonk at krembollane kunne jubla for avansement. Finalen var svært jevn og velspelt. Tigrane leia lenge 1-0 og kontrollerte kampen ein periode, men De Marsjerende Krembollene viste stor moral, utlikna og tok til slutt heim sigeren etter å ha vunne på straffekonk. Dei to finalistane imponerte stort på cupen, og har òg sørga for god plassering på Maratontabellen, kor fire lag no har eit godt utgongspunkt.

    Kveldens andelege innslag stod Anders Rambekk for. Den tidlegare Odd-, Lillestrøm- og landslagsspelaren arbeidar no som toppidrettsmentor i KRIK, dvs. han har ansvar for andeleg oppfølging av toppidrettsutøvarar. Han tok utgangspunkt i Josva 1.9 (”For Herren din Gud er med deg overalt der du går.”) då han snakka om sitt forhold til Gud.

  • Referat KRIK Fotballcup #1/2012

    The Wild Childs: Bak frå venstre: Ida Slettebø, Tonita Noreng Tollefsen, Kaja Marina B. Johannesen, Catarina Israelsson. Framme frå venstre: Renate Lye, Kaja Myklebust, Eilen Victoria Skailand, Malin Lunde.

    Årets fyrste KRIK Fotballcup vart halden i Bjerkreimshallen fredag kveld. Det var med 13 lag i Herreklassen og 6 lag i Dameklassen. Herreklassen vart vunnen av debutantlaget Sjømannsforeningen (Eigersund), medan The Wild Childs (Helleland) vann Dameklassen.

    Sjømannsforeningen tok seg til sluttspelet ved å bli nummer to i gruppa etter Di Beste. Laget vann kvartfinalen mot Heroes in Blue 1-0, men fekk større problemar i semifinalen som enda 0-0 mot hardtkjempande Team Snøft. Sikre straffeeksekutørar sikra avansement til finalen, kor dei skulle møta FFBS, som hadde teke seg dit etter å ha vunne gruppa og slått Gul Snø og Di Beste 1-0. Finalen var lenge heilt open med stor innsats av begge lag. Då tre minuttar gjenstod avgjorde Sondre Tveit kampen med ein flott prestasjon, og Sjømannsforeningen vann 1-0.

    I Dameklassen var dei seks laga plassert i same gruppe, kor dei to beste skulle spela finale. Blomsterpikene vann gruppa på målskilnad føre The Wild Childs. Tredjeplassen gjekk til debutantlaget Prison Girls. I finalen tok The Wild Childs initiativet og med høgt tempo og mål av Malin Lunde og Tonita Noreng Tollefsen gjekk dei opp i 2-0 før Blomsterpikene vakna. Dei regjerande meistrane kom inn i kampen etter å ha redusert ved Rosmari F. Gåsland, men trass i fleire farlege headingar dei siste minutta kom dei ikkje nærmare og Hellelandsjentene kunne ta heim en fortent og etterlengta siger.

    Kveldens andaktshaldar var Oddvar Sæth, leiar i KRIK Bjerkreim si gruppe i Ørsdalen. Oddvar tok utgongspunkt i Markus 10 då han snakka om at frelsa ikkje er noko me kan gjera oss fortent til, men som me berre kan ta imot. Ein flott andakt under ein cup som lova godt for årets sesong med KRIK Fotballcup.

  • Hakuna Matata!

    Årets fjerde KRIK Fotballcup baud på mykje bra fotball, engasjerande andakt og informasjonsvideo frå CHRISC og god stemning. Herreklassen vart vunnen av Hakuna Matata frå Ålgård, medan hjarteknusarane frå Bjerkreim tok sin tredje siger på rad i Dameklassen.

    Solveig Engelsgjerd i aksjon for Navnlause, eit av debutantlaga.

    Dei 18 deltakande laga var fordelt på Herreklasse (10 lag) og Dameklasse (8 lag). I Herreklassen var det to grupper med fem lag i kvar. I gruppe 1 fann me finalistane frå sist cup, Gul Snø og FFBS. Noko overraskande måtte dei ta til takke med tredje- og fjerdeplassen i gruppa. Fyrsteplassen tok Hakuna Matata, eit svært ballsikkert og samspelt lag som berre avga poeng til det solide Eigersunds-laget De Optimistiske, som tok andreplassen. Gruppe 2 vart vunnen av rutinerte Intolerante Mørkemenn, medan CHRISC viste gode takter og tok andreplassen. Med stor innsats kapra Halla Bø tredjeplassen, laget måtte imidlertid kasta inn handduken etter gruppespelet og overlot sluttspelsplassen til This is Football. Hellelands-laget First Price, anført av ein opplagt Jan Terje Søyland, enda på fjerdeplass.

    This is Tom Ivar Solberg. Her i kamp mot Chris Sleveland (First Price).

    I kvartfinalane overbeviste Hakuna Matata ved å slå This is Football 4-0, Gul Snø slo CHRISC på straffekonkurranse, Intolerante Mørkemenn tok ein etterlengta 2-1 siger mot FFBS og De Optimistiske slo First Price etter ein lang straffekonkurranse. I semifinalane var det hard kamp: Gul Snø haldt lenge Hakuna Matata til 1-1, men Ålgårdslaget scora to i andre omgong og vann 3-1. Den andre semifinalen var svært jevn og såg ut til enda 0-0, men ei frekk scoring gjorde at De Optimistiske vann 1-0 mot Intolerante Mørkemenn. Finalen vart ein intens kamp med både fint spel, spaning og temperament. Til slutt var det Hakuna Matata som vann 1-0, ein fortent siger etter å ha gjort ein svært bra cup.

    Hakuna Matata gjekk til topps i Herreklassen.

    I Dameklassen var det to grupper med fire lag i kvar. Det rutinerte laget Vrimleveps tok ein overbevisande gruppesiger, medan debutantlaget The Randoms gjorde ein svært god figur og tok andreplassen. Eit anna debutantlag, Rosa Vind, imponerte òg stort og slo Navnlause i kveldens opningskamp. Gruppe 2 vart – ikkje overraskande – vunnen av Hjarteknusarar, vinnar av dei to siste cupane. Like bak fulgte Blomsterpikene, som òg var svært solide på denne cupen. Riksveg 503 tok ein respektabel tredjeplass, medan Back in Black trass bra spel måtte nøya seg med fjerdeplassen.

    I kvartfinalane var det oppskriftsmessig dei beste laga frå gruppespelet som tok seg vidare. Hjarteknusarar slo Navnlause 4-0, The Randoms slo Riksveg 503 2-0, Vrimleveps vann 2-0 over Back in Black medan Blomsterpikene kontrollerte inn 2-0 mot Rosa Vind. Semifinalane vart jevnare: The Randoms gjorde ein god innsats mot Hjarteknusarar, men måtte likevel sjå seg slått 2-0. Blomsterpikene fekk endeleg revansje med 1-0 etter å ha tapt to semifinalar på rad mot Vrimleveps. I finalen møtte Hjarteknusarar tøff motstand mot Blomsterpikene, som nok har ein litt meir fysisk spelestil enn kvae in skulle tru ut frå namnet. Med gode sjansar til begge lag var det til slutt dei regjerande meistrane som trakk det lengste strået og vann 2-0.

    Både hjarter og all motstand vert knust av denne gjengen.

    Samlinga var ved Magne Sturød frå CHRISC. Han viste film frå KRIK sitt arbeide i Aust-Afrika og hadde ein andakt om å visa nestekjærleik. Eit inspirerande innslag om eit svært viktig arbeid som me i KRIK Bjerkreim er glade for å støtta.

    Magne frå CHRISC har forsamlinga si fulle merksemd.

    Etter fire av fem cupar er det framleis heilt ope på Maratontabellen både i Dame- og Herreklassen. Med langt fleire poeng i potten under KRIK Cup&Konsert vert det svært spanande å sjå kven som får æra av å heva pokalane som årets beste lag 🙂

  • Gul Snø og Hjarteknusarar vann årets tredje cup

    Siste KRIK Fotballcup før sommaren vart halden fredag 6. mai. Som sist var det Hjarteknusarar som vann Dameklassen, medan dei talentfulle gutane i Gul Snø imponerte stort ved å gå til topps i Herreklassen.

    Junior Vikesdal og resten av Gul Snø vann Herreklassen.

    I Herreklassen var det 8 lag fordelt på to grupper. I Gruppe 1 var det dei rutinerte og ivrige bedehusgutane i FFBS som starta best, dei vann gruppa med tre strake sigrar. Gul Snø varta opp med flott fotball i sine to fyrste kampar, men måtte med tap 1-2 mot FFBS nøya seg med andreplass i gruppa. Debutantlaget This is Football hadde ein marerittstart på cupen med tre baklengs på dei fire fyrste minutta, men deretter spelte dei seg stort opp og slo sistelaget i gruppa, Nikotinbanden, 2-1 i siste kampen. I Gruppe 2 viste Hellelandslaget First Price seg verdig namnet. Dei slo storlaget Intolerante Mørkemenn i fyrste kampen, og kontrollerte deretter inn gruppesigeren. Andreplassen i gruppa vart teken av mørkemennene, medan debutantlaget Reservelaget viste lovande takter og tok plassen føre Elite Futsal Superkickers.

    God innsats i kampen mellom First Price og Nikotinbanden.

    I kvartfinalane vann dei to beste laga i kvar gruppe oppskriftsmessig kampane sine. I semifinalane vart det derimot jevnare. Kampen mellom FFBS og Intolerante Mørkemenn var prega av stor innsats frå begge lag, og etter 1-1 måtte det straffespark til for å senda FFBS vidare. Den andre semifinalen var òg spelemessig jevn, men Gul Snø var svært effektive og scora tre mål før First Price fekk eit trøstemål mot slutten. Dermed var det duka for finale mellom FFBS og Gul Snø, to lag som hadde vore med på mange cupar utan å vinna. Det var ein underhaldande og jevn kamp. Tunga på vektskåla vart Trym Skjæveland, som på frekt vis sette ein corner direkte i mål og sikra 1-0 siger til dei unge talenta.

    I Dameklassen var dei 6 laga i same gruppa. Gruppespelet var prega av mange 0-0 kampar, stor innsats og fleire mindre skader. Best var Hjarteknusarar, som med fire sigrar og ein uavgjort vann gruppa. Andreplass tok Blomsterpikene, som trass fleire utskiftingar på laget gjorde nok ein bra cup. Like mange poeng fekk Vrimleveps, eit lag som med sterkt forsvar er svært vanskelege å slå. Vidare til sluttspelet gjekk òg dei talentfulle Hellelandsjentene i The Wild Childs, som med litt betre avslutningar fort kunne vore med heilt i toppen. Dei to siste plassane i gruppa gjekk til The Queens og Riksveg 503.

    Frå kampen mellom The Wild Childs og Hjarteknusarar.

    Semifinalane vart ein reprise frå sist cup: Hjarteknusarane frå Bjerkreim IL sitt damelag slo ut The Wild Childs (med 3-1), medan Vrimleveps slo ut Blomsterpikene på straffekonurranse. Finalen var lenge jevnspelt og Vrimleveps hadde gode sjansar til å ta leiinga. Likevel var det Hjarteknusarar som fekk det fyrste målet, og etter dette fekk dei spelet til å sitja skikkeleg og vann til slutt 3-0.

    Etter årets tre fyrste cupar er det Intolerante Mørkemenn som leiar Maratontabellen for Herreklassen. Laget har 11 poeng, eitt poeng føre FFBS medan First Price og Gul Snø deler tredjeplassen med 7 poeng. I Dameklassen tronar Vrimleveps på topp med 7 poeng, medan Hjarteknusarar (6 p) og Blomsterpikene (4 p) òg har eit godt utgongspunkt føre hausten. Neste cup er fredag 2. september, men det skal mykje til om noko skal vera avgjort før KRIK Cup&Konsert 28.-30. oktober.

    Kveldens andakt vart halden av Børge. Gjennom likninga om den bortkomne sonen (Lukas 15) vart det gjeve eit lite bilete av kor stor og tålmodig Gud sin kjærleik til oss er.