Blogg

  • FC Laurents vann tidenes fyrste U16-Maratontabell

    Årets tredje KRIK Fotballcup samla 19 lag i Bjerkreimshallen fredag kveld. Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys (SARPBB) vann Herreklassen, Egersundsjenten gjekk til topps i Dameklassen medan FC Laurentz vann både cup og maratontabell i U16-klassen. Bilete frå cupen finn du her.

    Herreklassen bestod av 10 lag som var fordelt på 2 grupper. Sju av herrelaga tok seg til kvartfinalar, kor òg Tengsareid FC frå U16-klassen kom med. I den fyrste semifinalen fekk debutantlaget FC Violada prøva seg mot Intolerante Mørkemenn. Fyrstnevnte trekte det lengste strået på straffekonk etter 1-1 ved ordinær tid. I finalen møtte dei SARPBB, som hadde vunne sin semifinale 5-0 mot eit FC Laurentz som nok hadde gått tomme etter å ha delteke både i U16- og Herreklassen. SARPBB starta finalen med to kjappe mål, men FC Violada fekk rista av seg sjokket og reduserte til 1-2 før pause. Trass fleire store sjansar klarte ikkje debutantlaget å utlikna og Lura-gjengen på SARPBB kunne dermed jubla for sin andre cupsiger på rad.

    SARPBB er med i det eksklusive selskapet med lag som har vunne to cupar på rad.
    SARPBB er med i det eksklusive selskapet med lag som har vunne to cupar på rad.

    I Dameklassen var det med 5 lag som alle spelte i same gruppa. Det var svært høgt nivå på laga, noko som førte til at vinnar av sist cup, Ålgårdsauene, havna sist i gruppa. Begge semifinalane vart avgjort på straffekonk, der Jordvepsane slo ut Ballbusters FC medan Egersundsjenten vann mot Øybuan. I finalen viste Egersundsjenten rutine, dei kjempa seg til ei 1-0 scoring og haldt dei unge, lovande Jordvepsane unna og tok sin andre cup-siger for året.

    Egersundsjenten fekk revansj mot Jordvepsane i finalen og vann for andre gong i år.
    Egersundsjenten fekk revansj mot Jordvepsane i finalen og vann for andre gong i år.

    I U16-klassen var det med 4 lag. Laga spelte mot kvarandre og dei to beste avslutta med finale. FC Legends var nær finaleplass, men det var dei to beste laga siste året, FC Laurentz og Tengsareid FC som toppa gruppa. I finalen tok FC Laurentz ei tidleg 2-0 leiing, og sigeren virka aldri særleg trua sjølv om Tengsareid fekk ei redusering mot slutten. Med sigeren vart FC Laurentz det fyrste laget til å vinna maratontabellen for U16-klassen.

    FC Laurentz - vinnar av Maratontabellen 2014-2015.
    FC Laurentz – vinnar av Maratontabellen 2014-2015.

    Andaktshaldar var David Liland, som brukte sin bakgrunn innan rusomsorgen til å gje dei frammøtte den viktige bodskapen om at dei er verdifulle.

  • SARPBB tok sin tredje siger

    Årets andre KRIK Fotballcup vart halden fredag 6. mars. Det var med 21 lag på cupen, som vart vunnen av Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle Boys (Herreklassen), Ålgårdssauene 1 (Dameklassen) og Tengsareid FC (U16-klassen).

    Regjerande meistrar Pusekattane møtte hard motstand frå Kongos frå KVS Lyngdal.
    Regjerande meistrar Pusekattane møtte hard motstand i Kongos frå KVS Lyngdal.

    I Herreklassen var det med 11 lag fordelt på 3 grupper. Gruppevinnarar vart Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys (SARPBB), Intolerante Mørkemenn og debutantlaget Egersund Gul og Blå. Sistnevnte tapte kvartfinalen på ein minneverdig straffekonk mot FFBS, dei to andre gruppevinnarane tok seg greit vidare til semifinale. Dit kom òg Ibracadabra, som denne gonga hadde gjort ein del endringar på laget. I den fyrste semifinalen gjorde SARPBB kort prosess med 3-0 mot FFBS, medan Ibracadabra trekte det lengste strået på straffekonk mot Intolerante Mørkemenn etter 2-2 ved ordinær tid. I finalen hadde SARPBB eit spelemessig overtak, men Ibracadabra var farlege på overgangar. Med eit par minuttar att av kampen fekk gjengen frå Lura det avgjerande målet og vann 1-0 og tok sin tredje siger av åtte mogelege på KRIK Fotballcup.

    Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys; vinnar av Herreklassen KRIK Fotballcup #2/2015.
    Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys; vinnar av Herreklassen KRIK Fotballcup #2/2015.

    I dameklassen var det med 6 lag fordelt på 2 grupper. I gruppe 1 tok regjerande meistrar Egersundsjenten ein oppskriftsmessig siger, medan Ålgårdssauene 1 òg tok seg vidare til semifinale. I ei svært jevn gruppe 2 tok Øybuane seg til topps føre Jordvepsane. I den fyrste semifinalen vann Egersundsjenten 1-0 over Jordvepsane, medan Ålgårdssauene 1 slo ut Øybuan på straffe etter 1-1 ved ordinær tid. Finalen var jevnspelt og vart avgjort ved ei flott heading som sende jentene frå Ålgård til topps med ein 1-0 siger.

    Ålgårdssauene 1;  vinnar av Dameklassen KRIK Fotballcup #2/2015.
    Ålgårdssauene 1; vinnar av Dameklassen KRIK Fotballcup #2/2015.

    I U16-klassen var det 4 lag med i gruppa. Gruppevinnar vart regjerande meister Tengsareid FC, medan FC Legends òg tok seg til finalen. Sistnevnte opna finalen svært friskt og tok ei tidleg 1-0 leiing, men godt press frå Tengsareid FC gjorde at dei i løpet av drøye to minuttar fekk dei to måla dei trong for å snu til 2-1 og vinna deira andre cupsiger på rad.

    Tengsareid FC; vinnar av U16-klassen KRIK Fotballcup #2/2015.
    Tengsareid FC; vinnar av U16-klassen KRIK Fotballcup #2/2015.

    Kveldens andaktshaldar var Bryne-spelar Paul Addo, som fortalte om det å vera kristen fotballspelar i Ghana og i Dubai, og om sitt forhold til KRIK her i Noreg.

    Paul Addo haldt ein personleg andakt om det å vera kristen og fotballspelar.
    Paul Addo haldt ein personleg andakt om det å vera kristen og fotballspelar.
  • Pusekattane klorte seg fast

    Årets fyrste KRIK Fotballcup vart halden fredag kveld. Dei 24 laga var fordelt på 14 lag i Herreklassen, 5 i Dameklassen og 5 i U16-klassen. Andaktshaldar var Magnus Helland, som trekte parallellar mellom å vera kristen og å vera på eit fotballag.

    Ein av mange duellar, her mellom Einar Tobias Skalstad (t.v.) og Vegard Merkesdal (t.h.).
    Ein av mange duellar, her mellom Einar Tobias Skalstad (t.v.) og Vegard Merkesdal (t.h.).

    U16-klassen har dei siste åra vore dominert av FC Laurentz. Denne gonga møtte dei uvanleg hard motstand i eigersundslaget Tengsareid FC, som vart nr. 2 i gruppa. Dei to laga møtte kvarandre så i finalen, og etter 1-1 ved ordinær tid klarte Morten Vestbøstad sine utvalde å vinna straffekonken 3-2 og dermed ta sin fyrste cupsiger, som gav plass i sluttspelet i Herreklassen.

    Tengsareid FC - vinnar av U16-finalen.
    Tengsareid FC – vinnar av U16-finalen.

    Det var jevnt nivå i Herreklassen, dei beste laga frå i fjor var med og nokre nye lag hevda seg òg. Den fyrste semifinalen vart spelt mellom Tengsareid FC og Ibracadabra. Vinnar av maratontabellen dei siste to åra viste seg fleire nummer for store og vann 5-0. Den andre semifinalen enda 0-0, og trass ein fantastisk keeper på Klebe 3 tok Pusekattane seg vidare til finale etter straffekonken. Finalen vart eit fyrverkeri av ein fotballkamp, kor Ibracadabra tok ei tidleg leiing. Mangel på innbytarar hjå Ibracadabra og stor vinnarvilje hjå Pusekattane gjorde at sistnevnte snudde kampen i andre omgong. Etter hektiske sluttminuttar med utvisningar for begge lag og langskot i tverrligger for Ibracadabra avslutta Jøran Vinningland cupen ved å scora sitt andre mål i finalen og sikra Pusekattane 3-1 siger.

    Pusekattane - vinnar av Herreklassen.
    Pusekattane – vinnar av Herreklassen.

    I Dameklassen spelte alle laga mot kvarandre i gruppespelet. Derfrå gjekk dei fire beste til semifinale. Der måtte unge talenter tåla tap mot meir rutinerte lag, då Jordvepsane rauk ut på straffer mot Vikesåbabes og Ålgårdsauene tok turen heim etter 0-1 mot Egersundsjenten. I finalen viste Egersundsjenten seg sterkast og slo Vikesåbabes komfortabelt 2-0 og tok sin fyrste siger på KRIK Fotballcup.

    Egersundsjenten - vinnar av Dameklassen.
    Egersundsjenten – vinnar av Dameklassen.
  • Tigrane og SARPBB til topps

    Årets fjerde KRIK Fotballcup vart arrangert i Bjerkreimshallen fredag kveld. Lura-gjengen på Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys (SARPBB) vann Herreklassen, medan Tigrane frå Eigersund gjekk til topps i Dameklassen. FC Laurentz vann, som vanleg, U16-klassen.

    I Herreklassen var det med 10 lag fordelt på to grupper. Gruppe 1 vart vunnen av FFBS, som òg kom seg vidare frå kvartfinalen ved å slå Krigar på straffekonk. I gruppe 2 var Ibracadabra det sterkaste laget føre Me Ryge På Straffe og SARPBB, her kom alle seg òg vidare gjennom kvartfinalane. I den fyrste semifinalen tok FFBS leiinga over SARPBB, men to uheldige baklengs gjorde at gutane frå Lura tok seg til finalen. Der skulle dei møta Me Ryge På Straffe, som vann ein intens semifinale mot Ibracadabra 1-0 etter eit flott frisparkmål av Steffen Slettebø. Finalen opna jevnt og SARPBB fekk ei noko heldig 1-0 leiing til pause. Heimefavorittane pressa på for utlikning, men vart slitne og blottla seg i forsvar, noko som førte til at den sympatiske gjengen frå Lura klarte å putta ytterlegare to mål før kampen var over.

    Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys: Bak f.v.: Kristoffer Bakken Tveter, Oskar Skjefrås Alsaker, Ola Skjefrås Alsaker, Sondre Hellevik og Magne Qvanvik. Framme f.v.: Ronnel Mathiassen og Markus Alsaker Rogde.
    Supersonic Acrobatic Rocket-Powered Battle-Boys: Bak f.v.: Kristoffer Bakken Tveter, Oskar Skjefrås Alsaker, Ola Skjefrås Alsaker, Sondre Hellevik og Magne Qvanvik. Framme f.v.: Ronnel Mathiassen og Markus Alsaker Rogde.

    I Dameklassen var det med tre lag; Tigrane, The Avengers og Jordvepsane. Laga spelte to kampar mot kvarandre og dei to beste, Tigrane og The Avengers, møttest i finalen. Ein spanande kamp enda 1-0 til Tigrane som dermed noterte seg for sin fyrste siger i KRIK Fotballcup dette året.

    Tigrane: Bak f. v.: Tonita Noreng Tollefsen, Julie Fænn Aase, Kaja Myklebust og Malin Lunde. Framme f.v.: Lene Herikstad, Live Jørgensen og Marie Svanes.
    Tigrane: Bak f. v.: Tonita Noreng Tollefsen, Julie Fænn Aase, Kaja Myklebust og Malin Lunde. Framme f.v.: Lene Herikstad, Live Jørgensen og Marie Svanes.

    U16-klassen bestod òg av ei gruppe, der FC Laurentz, FC Legends og Young Guns deltok. FC Laurentz vann alle kampane og dermed òg gruppa føre FC Legends. Vinnarlaget vart då òg med i sluttspelet i Herreklassen, der dei gjorde ein god figur trass tap 3-0 mot Me Ryge På Straffe.

    FC Laurentz vann U16-klassen. Dei har vunne så mange gonger no at me brukar eit kamp-bilete i staden for lagbilete for variasjonen si skuld.
    FC Laurentz vann U16-klassen. Dei har vunne så mange gonger no at me brukar eit kamp-bilete i staden for lagbilete for variasjonen si skuld.

    Etter fire av årets fem cupar har Me Ryge På Straffe ei lita luke på Maratontabellen for Herreklassen, men Ibracadabra, FFBS og Team Snøft har enno sjans til å avgjera til sin fordel på årets siste cup. Det er derimot heilt ope i Dameklassen, der Tigrane har ei snau leiing.

    Kveldens andaktshaldar var Børge, som snakka om at me ofte er flinke til å fokusera på vinnarane både når det gjeld det å vera gode fotballspelarar og det å verta sett på som «gode» kristne, men at det er å delta som er det viktigaste; sigersprisen som kristen er den same for alle.

  • Maratontabell 2024-2025 U16-klassen

    Tabell etter 5 av 5 cupar:

    1. Gæshebanden (9 p) – vinnar

    2. Pysjheltene (6 p)

    3. Gutta Krutt (5 p)

    Det vert gjeve 3 poeng til vinnar, 2 poeng til nr. 2 og 1 poeng til nr. 3. Regjerande meister er Gæshebanden:

  • Me Ryge På Straffe til topps att

    Årets tredje KRIK Fotballcup vart arrangert i Bjerkreimshallen fredag 25. april. 16 deltakande lag bidrog til ein kveld med fartsfylt fotball i hallen. Kveldens andelege innslag stod Gustav V. Kjølberg for, då han peika på at det gode liv er det livet i nestekjærleik som Jesus har kalla oss til.

    Eit av mange intense oppgjer; Ibracadabra - Puls. Kampen enda 0-0.
    Eit av mange intense oppgjer; Ibracadabra – Puls. Kampen enda 0-0.

    I Herreklassen var det åtte lag fordelt på to grupper. Den eine gruppa vart vunnen av Ibracadabra føre Me Ryge På Straffe, medan Intolerante Mørkemenn vann gruppe to føre Krigar.  Desse fire laga kom seg gjennom kvartfinalane. I den fyrste semifinalen vann Me Ryge På Straffe 1-0 over Intolerante Mørkemenn, medan Krigar etter ei sein utlikning til 1-1 slo ut Ibracadabra på straffekonk. I finalen viste Krigar lovande takter med godt samspel og høg intensitet, men Steffen Slettebø sine utvalde spelte rutinert og effektivt, vann 3-0 etter mål av Lars Inge Slettebø, Arne Ueland og Bjørnar Grøsfjell og tok dermed sin andre siger for året.

    Me Ryge På Straffe vann Herreklassen på årets tredje cup.
    Me Ryge På Straffe vann Herreklassen på årets tredje cup.

    I Dameklassen var det fire lag i ei gruppe. Det var ei svært jamn gruppe der fjorårets Maratontabell-vinnar Tigrane noko overraskande måtte sjå både Ja til Pels og Back in Black føre seg etter gruppespelet. Dei to sistnevnte spelte finale, som trass store sjansar enda med 0-0. I straffekonken hadde Back in Black best kontroll på nervene, scora trygt på sine straffer og vann 3-1.

    Back in Black vann Dameklassen.
    Back in Black vann Dameklassen.

    U16-klassen bestod òg av fire lag i ei gruppe. Debutantlaget Gbless frå Varhaug imponerte og klarte andreplassen i gruppa, som vart vunnen av det dominerande U16-laget siste året; FC Laurentz. Laga møttest i finalen, og dei regjerande meistrane skuffa ikkje og slo Gbless 1-0.

    FC Laurentz vann nok ein gong. Mange gler seg nok til desse karane byrjar på vidaregåande.
    FC Laurentz vann U16-klassen nok ein gong. Mange gler seg nok til desse karane byrjar på vidaregåande.

    På maratontabellen i Herreklassen har no Me Ryge På Straffe fått ei luke på 3 poeng til Ibracadabra, medan Ja til Pels leiar Dameklassen eitt poeng føre Back in Black. Til hausten vert det òg maratontabell for U16-klassen.

  • Ja til Pels vann for fyrste gong

    Det var 19 deltakande lag på årets andre KRIK Fotballcup, fredag 7. mars. Herreklassen vart vunnen av Team Snøft, medan Ja til Pels gjekk til topps i Dameklassen og FC Laurentz vann U16-klassen.

    Dei 12 herrelaga var fordelt på tre grupper. Dei sju beste laga gjekk til kvartfinale og fekk der følge av vinnar av U16-klassen. I den fyrste semifinalen møttest bjerkreimslaget Me Ryge På Straffe og Team Snøft frå Sokndal. Kampen enda 0-0, i den påfølgande straffekonken levde Steffen Slettebø & co opp til lagnavnet. Den andre semifinalen enda med ein komfortabel 3-0 siger til Ibracadabra over debutantlaget Amy og Adamseplene. Finalen mellom Team Snøft og Ibracadabra vart jevnspelt men med gode sjansar til begge lag. Etter 15 minuttar stod det likevel 0-0, og kampen gjekk til straffekonk. Her vart Christer Torgersen avgjerande med to redningar og sikker straffe sjølv slik at Team Snøft vann 2-1.

    Dei tre damelaga spelte i ei gruppe, kor dei to beste laga kom til finale. Den gjekk mellom Ja til Pels og Kniv og Gaffel. Ja til Pels vann alle gruppespelskampane og cruisa inn til ein komfortabel 4-0 siger i finalen.

    Ja til Pels: Bak f.v.: Johanne Engelsgjerd og Hilde Grønning. Midten f.v.: Trine Tengesdal, Therese Figved. Framme: Gro Egeland.
    Ja til Pels: Bak f.v.: Johanne Engelsgjerd og Hilde Grønning. Midten f.v.: Trine Tengesdal, Therese Figved. Framme: Gro Egeland.

    U16-klassen har siste året vore dominert av FC Laurentz. Denne gonga viste dei seg òg å vera best, dei vann gruppa på fire lag og slo deretter Heilt Vilt 2-0 i finalen.

    Andaktshaldar var Stein Rhoar Juul. Han snakka om at Gud ønsker det som er godt for oss, men at det kan vera ei utfordring for oss å innsjå at det som er best for oss gjerne ikkje er det som me tykkjer er mest attraktivt her og no.

    På maratontabellane har no Me Ryge På Straffe (8 p), Ibracadabra (7 p) og Team Snøft (6 p) fått ei lita luke på toppen i Herreklassen, medan Ja til Pels og Vikesåbabes toppar i Dameklassen med 3 poeng kvar.

  • Me Ryge På Straffe vann årets fyrste cup

    Fredag 3. januar vart årets fyrste KRIK Fotballcup arrangert. Med rekordhøge 28 deltakarlag vart det mange fartsfylte oppgjer og folksomt i hallen. Herreklassen vart vunnen av Me Ryge På Straffe, beståande av bjerkreimsgutar som tidlegare har delteke under fleire andre navn. Debutantlaga Vikesåbabes og Youngboys vann henhaldsvis Dame- og U16-klassen.

    I løpet av 54 kampar vert det utført enkelte uvanlege manøvrar. Dette synkron-sparket kan vel klassifiserast som noko slikt.
    I løpet av 54 kampar vert det utført enkelte uvanlege manøvrar. Dette synkron-sparket kan vel klassifiserast som noko slikt.

    I Dameklassen var det med åtte lag fordelt på to grupper. Dei to beste laga i kvar gruppe kom til semifinale. I den fyrste semifinalen vann debutantlaget Vikesåbabes 3-0 over Kometkameratene. Deretter slo Tigrane ut Back in Black på straffekonk etter 0-0 ved ordinær tid. Finalen var jamnspelt og enda 0-0, den påfølgande straffekonken vann Vikesåbabes.

    Vikesåbabes - vinnar av Dameklassen
    Vikesåbabes – vinnar av Dameklassen

    U16-klassen hadde ei gruppe med fire lag. Ikkje overraskande var det FC Laurentz, vinnar av U16-klassen på dei to siste cupane, som vann gruppa. Dei spelte deretter finale mot gruppetoar Youngboys, her fekk sistnevnte revansje frå gruppespelet og vann 1-2. Det talentfulle laget frå Eigersund fekk deretter prøva seg mot herrelaget Intolerante Mørkemenn, men måtte sjå seg slått med 0-2.

    Youngboys - vinnar av U16-klassen.
    Youngboys – vinnar av U16-klassen.

    I Herreklassen var det 16 lag fordelt på fire grupper. Dei to beste laga i kvar gruppe kom til kvartfinale. Sluttspelet baud på mange jevne oppgjer, mellom anna enda begge semifinalane uavgjort og måtte avgjerast på straffekonk. Den fyrste vart vunnen av Me Ryge På Straffe, som sleit seg til 1-1 mot FFBS. Deretter slo Trippel Nippel ut Ibracadabra etter 0-0. Finalen enda 1-1, og Me Ryge På Straffe viste deretter at dei ikkje levde opp til namnet ved å slå Trippel Nippel med 3-2.

    Me Ryge På Straffe (gult) vann Herreklassen. Her i hard kamp mot Solskjærs Håp.
    Me Ryge På Straffe (gult) vann Herreklassen. Her i hard kamp mot Solskjærs Håp.

    Kveldens andaktshaldar var Tollef Byrkjedal. Tollef har vore i KRIK Bjerkreim-miljøet i fleire år og m.a. halde bibeltimar under KRIK Cup&Konsert. Han haldt ein interessant andakt om det å trena seg på å tru og trena seg på å stadig søkja Gud. At tilhøyrarane var musestille under heile andakten seier ein del om kor bra andakten var, men det vitnar òg om ei imponerande haldning hjå dei frammøtte som let andaktshaldaren snakka uforstyrra.

    IMG_8574

  • Team Bjødni best av 31 herrelag

    Fotballcupen under KRIK Cup&Konsert hadde med heile 56 lag fordelt på 31 herrelag, 7 damelag og 18 U16-lag. Det vart spelt 117 kampar frå fredag til sundag ettermiddag, laga som deltok kom frå Suldal i nord til Ås (Akershus) i aust. Vinnarlaga vart Team Bjødni (Herreklassen), Panserjentene (Dameklassen) og FC Laurentz (U16-klassen).

    Team Bjødni - vinnar av Herreklassen KRIK Cup&Konsert 2013.
    Team Bjødni – vinnar av Herreklassen KRIK Cup&Konsert 2013.

    Dei 31 herrelaga vart delt inn i 8 grupper, kor dei to beste i kvar gruppe gjekk til sluttspelet. Allereie i åttandedelsfinalane gjekk store lag som Heroes in Blue, FFBS og Intolerante Mørkemenn på nederlag, noko som vitna om generelt høgt nivå på cupen. I semifinalane fekk publikum sjå innefotball på sitt beste; høg intensitet, raskt pasningsspel og enkeltspelarar med svært høgt teknisk nivå. Den fyrste semifinalen vart spelt mellom Team Bjødni og Ibracadabra. Sistnevnte hadde allereie før kampen sikra seg sigeren på den prestisjefylte Maratontabellen, og klarte som einaste lag på cupen å scora spelemål på Bjødni-keeper Espen Primstad. Likevel vart Ingelin Ognedal sine utvalde for gode og vann kampen 2-1. Den andre semifinalen gjekk mellom Krigara og KVS Elite. I ein svært underhaldande kamp kunne ein sjå dei fysiske og direkte krigarane ta leiinga to gonger, medan dei samspelte og tekniske gutane frå KVS Lyngdal fekk løn for strevet med utlikning i siste sekund. I straffekonken hadde KVS Elite kontroll på nervene og tok seg til finalen. Den kampen vart eit svært spanande oppgjer. KVS Elite var nok rekna som favorittar, men det var Team Bjødni som tok føringa ved Kristian Magnusson, som med ein enorm teknikk og eit kjapt steg vart ein publikumsfavoritt. KVS Elite pressa på for utlikning, men dei hardt kjempande Bjødni-spelarane fekk elitegutane ut av stilen og påførte dei det andre finaletapet på rad på KRIK Cup&Konsert.

    Panserjentene - vinnar av Dameklassen på KRIK Cup&Konsert
    Panserjentene – vinnar av Dameklassen KRIK Cup&Konsert 2013

    I Dameklassen var det to grupper kor dei to beste laga i kvar gruppe nådde sluttspelet. Tigrane vann oppskriftsmessig Gruppe 1 føre Panserjentene, medan Pink Panter vann gruppe 2 føre sist års cupvinnar Back in Black. Den fyrste semifinalen vart spelt mellom Tigrane og Back in Black. Det stod ikkje berre om finaleplass, men det laget som vann kampen ville òg vinna Maratontabellen i Dameklassen. Eigersundsjentene på Tigrane vann 1-0, og tok dermed pokalen med seg til byen. I finalen møtte dei Panserjentene frå Bryne. Brynejentene var mest effektive og vann den underhaldande kampen 2-1.

    FC Laurentz - vinnar U16-klassen KRIK Cup&Konsert 2013
    FC Laurentz – vinnar U16-klassen KRIK Cup&Konsert 2013

    Dei 18 laga i U16-klassen var fordelt på fire grupper, kor dei to beste frå kvar gruppe nådde sluttspelet. Debutantlaget Vår 2 frå Eigersund gjorde ein god figur men måtte sjå seg slått ut på straffekonk mot iPhones i kvartfinalen. Det einaste regionale laget som kom til semifinale var dermed Ståle Vaule sitt FC Laurentz. Dei viste imidlertid mykje bra spel og tok seg vidare til finalen etter å ha send brynegutane iPhones ut av cupen. Frå den andre semifinalen tok Tredjedelen seg vidare etter å ha slått ut det talentfulle ålgårdslaget De Navnløse. Finalen vart jevn og spanande, men mållaus. Det måtte då straffekonk til for å kåra ein vinnar, og cup-veteran Vetle Skjæveland fekk gleda av å setja inn den avgjerande straffa for FC Laurentz.

  • Sterkt comeback for Team Snøft

    Årets tredje KRIK Fotballcup vart halden i Bjerkreimshallen fredag 6. september. Det var 18 deltakande lag fordelt på Herre-, Dame- og U16-klasse. Det Sokndal-baserte herrelaget Team Snøft hadde ikkje vore med sidan fjorårets KRIK Cup&Konsert og krona like godt comebacket med siger. I Dameklassen vann Back in Black, medan FC Laurentz vann U16-klassen.

    Det var fleire debutantar med på cupen. Her nokre av dei i kampen B Team - Norge U13.
    Det var fleire debutantar med på cupen. Her nokre av dei i kampen B Team – Norge U13.

    I Herreklassen var det 8 lag fordelt på to grupper. Gruppe 1 vart vunnen av FFBS. Bjerkreimslaget imponerte med å mellom anna slå regjerande meister Ibracadabra, som tok andreplassen i gruppa. Debutantlaget Tryggheims Forkynnarar viste òg lovande takter og tok tredjeplass. I Gruppe 2 stod kampen om fyrsteplassen mellom Intolerante Mørkemenn og Team Snøft. Fyrstnevnte scora flest mål i kampane mot Gul Snø og Liverpostei, og vann gruppa etter 0-0 i «gruppefinalen». I sluttspelet vart òg dei beste U16-laga med, og U16-laget Kirkens Nødhjelp sende FFBS ut og tok seg dermed til semifinale. Der tapte dei 0-2 mot Team Snøft. I den andre semifinalen slo Intolerante Mørkemenn ut Ibracadabra på straffekonk. Dei to laga møttest dermed på ny i finalen. Denne gonga klarte Inge Andreas Pettersen, som einaste spelar på cupen, å overlista mørkemennene sin keeper. Team Snøft vann dermed 1-0 og tok sin fyrste cup-siger.

    I Dameklassen var det med 5 lag som alle spelte i same gruppe. Gruppa vart vunnen av bjerkreimslaget Back in Black, som gjekk gjennom heile cupen utan baklengs. Andreplass i gruppa tok Ja til Pels, som med tre 8. klassingar på laget imponerte stort. Regjerande meister Tigrane ende på 3. plass i gruppa. I den fyrste semifinalen slo Back in Black ut debutantlaget Dangerous Divas, som viste at dei òg har potensiale til å hevda seg. Til finalen kom òg Tigrane, som tok seg oppskriftsmessig vidare frå den andre semifinalen ved å slå Ja til Pels 2-1. Finalen vart ein jamnspelt kamp, kor Audhild Espedal vart matchvinnar med to mål for Back in Black.

    Back in Black: Bak f.v. Monica Tengesdal, Malin Evita Efteland, Anita Tengesdal. Framme f.v. Oda Nevland, Audhild Espedal, Hanne Skjæveland.
    Back in Black: Bak f.v. Monica Tengesdal, Malin Evita Efteland, Anita Tengesdal. Framme f.v. Oda Nevland, Audhild Espedal, Hanne Skjæveland.

    Det var meld på 6 lag i U16-klassen, men då det eine måtte trekkja seg vart dei redusert til 5 lag, kor dei to beste spelte finale. På førehand var FC Laurentz og Kirkens Nødhjelp favorittar, noko dei levde opp til, men FC Football var òg sterke og det måtte målskilnad til for å skilja dei frå FC Laurentz på 2. plass. Elles var det verd å merka seg at debutantlaget Norge U13 gjorde ein god figur og har potensiale til å hevda seg framover. Finalen vart jamnspelt og enda 0-0. Det måtte straffer til, og då FC Laurentz scora på alle sine så vann Ståle Vaule & co sin andre cup på rad.

    FC Laurentz: Bak f.v. Eirik Kilhavn, Alexander Bjelland, Glenn V. Espeland, Ståle Vaule. Framme f.v. Kristian Undheim, Vetle Özil Skjæveland, Arne Ravndal.
    FC Laurentz: Bak f.v. Eirik Kilhavn, Alexander Bjelland, Glenn V. Espeland, Ståle Vaule. Framme f.v. Kristian Undheim, Vetle Özil Skjæveland, Arne Ravndal.

    Kveldens andakt handla om årsaka til at KRIK Bjerkreim ynskjer å samla folk – både for å ha det gildt med fotball men ikkje minst for å dela bodskapen om at Jesus lei og døydde for at kvar den som trur på Han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

    Etter fire av årets fem cupar har Ibracadabra ei solid leiing på Maratontabellen for Herreklassen, medan Tigrane leiar tabellen i Dameklassen, med Back in Black og Jentene til Bens hakk i hæl. Begge maratontabellane vert avgjort under KRIK Cup&Konsert i november.