Klart for cup på laurdag

Neste KRIK-cup er laurdag kveld. Me startar kl. 16 og er ferdige før kl. 21. Det blir med 9 herrelag, 6 U16-lag og 2 damelag. Kampoppsett og info finn du her:

Oversikt over påmelde lag og litt meir info om cupen finn du her. Ta kontakt med Børge Vassbø (40494797) om du har spørsmål. Vel møtt!

Dei neste cupane er laurdag 13. desember og laurdag 3. januar.

Kvar klasse har tabell der laga får poeng for kor langt dei kjem på cupen, poenga blir summert opp på Maratontabellen. Dei beste laga på den tabellen vert inviterte til NM i futsal for kompislag i Drammen siste helga før jul. Maratontabellen i Herre- og Dameklassen følger kalenderåret, der er tre av fire cupar spelt, tabellen vert avslutta før jul. U16-klassen sin Maratontabell vart avgjort på siste cupen før sommaren, der Gæshebanden gjekk til topps på både cup og tabell. Me gratulerar!

***

Johannes 5.24: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som høyrer mitt ord og trur på han som har sendt meg, har evig liv og kjem ikkje for dommen, men har gått over frå døden til livet.»

Takk til våre sponsorar:

Torbjørn Reime

Sponsing nummer 3 krik bjekrem cup