Årets fjerde KRIK Fotballcup var spelt laurdag 1. september. I varmt og godt sommarvèr vart det ein flott dag å spela fotball, sjå fotball, drøsa med kjentfolk og høyra andakt av Vegard Mong.
Herreklassen hadde med seks lag som alle spelte i same gruppa. Intolerante Mørkemenn toppa gruppa føre Grevens og De. Begge laga tok seg til finale, der Grevens og De viste musklar, kondis og fint spel og tok ein komfortabel 3-0 siger.

I U16-klassen var det med 9 lag fordelt på to grupper. Begge gruppene var jevnspelte og frå gruppe 1 tok Pinglene frå Frøyland sigeren føre Junior Elite. Gruppe to vart vunnen av Noname FC, medan Øybuan òg tok seg til semifinale. Finalen gjekk mellom regjerande meister Noname FC og debutantane frå Frøyland. Noname var nådelause og tok sin andre siger på rad.

Dei to laga i jenteklassen spelte med U16-klassen men hadde ein eigen finale. Den vann Crazy Onions 3-0 over Runaways.

Legg igjen en kommentar