Det var 29 påmelde lag på KRIK-cupen laurdag, noko som resulterte i eit halvt døgn med fotball i Eigerhallen. Mange av dei relativt nye laga beit godt frå seg, men alle klassane vart vunne av rutinerte lag.

I Herreklassen var det med 12 lag fordelt på 3 grupper. Den kanskje største positive overraskinga var Noname FC, eit lag med 8.-9. klassingar som vann gruppa si og slo ut både PotetLegendene og Man’s Not Hot i sluttspelet. I finalen møtte dei si overmakt i Johannes Evangeliet 2.1 som var svært solide heile kvelden og kontrollerte inn 2-0 siger i årets fyrste cup.

Det var påmeld 10 lag i U16-klassen, derav fem av lag som bestod utelukkande av 8. klassingar. Fleire av desse beit godt frå seg og tok seg til sluttspelet. Finalen stod derimot mellom to velkjende lag på KRIK-cup; PotetLegendene og Hurtige Landsmenn. Landsmennene kom langt i sluttspelet både i Herre- og U16-klassen, fekk dermed eit hardt program og bar kanskje preg av det då PotetLegendene køyrde over dei og leia 3-0 kort tid inn i finalen. Resultatet stod seg og PotetLegendene vann fortjent sin tredje cup på rad.

I Dameklassen var det med 7 lag fordelt på to grupper. Nivået var høgt og jevnt, faktisk klarte vinnarlaget Tomatoheads berre 3. plass i gruppa si og måtte ut i mellomspel for å koma til sluttspelet. Der var dei imidlertid solide og slo Smurfene frå Bondelandet 1-0 i finalen.
Legg igjen en kommentar